Ferietips i Norges vakraste region

Finn din eigen edelstein

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Jermund Rekkedal

Kultur

Kjenner du deg som ein skattejeger? På Åheim kan du prøve lukka som skattegravar, og sjå om du klarer å finne dei vakre steinane som skjuler seg under grusen i Sundalen.

Dette området har ein av verdas største førekomstar av mineralet olivin, som i likskap med frukta har ein karakteristisk grønfarge. Å grave etter edelstein er spennande, men krev litt tolmod. Har du lukka med deg, vil du finne ein stor og skikkeleg flott peridot.

Edelsteinen peridot er ein smykkestein allereie kjent i antikken. Peridot frå Åheim er verdskjent for sin intense grønfarge og reinheit. Alle dei største mineralmusea i inn- og utland har peridot frå Åheim i sine samlingar.

På skattejakt i Sundalen kan du også finne eklogittar. Dette er fine, raud- og grønspraglete steinar som vert danna særs djupt nede i jordskorpa, og er uvanleg tunge. Ta med deg nistepakke og ein porsjon flaks i sekken, og prøv lukka på skattejakt i Sundalen. Her skjuler det seg mange flotte smykkesteinar for den som er flink til å grave.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.