Klare for ny konsert laurdag

– Ei heilt spesiell oppleving

Ny kyrkje, ny by og å synge med brørne sine. Det vart ein spesiell kveld for Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa, som er klar for ein heilt ny konsert i Måløy laurdag.

Ny kyrkje, ny by og å synge med brørne sine. Det vart ein spesiell kveld for Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa, som er klar for ein heilt ny konsert i Måløy laurdag.  Foto: Tovita Razzi

Kultur

– Det var ei god kyrkje å synge i, og med fullt band og trykk, så blir det veldig spesielt. Og når ein samstundes veit at konserten blir sendt direkte over nett, så er det ei heilt spesiell oppleving, seier Søraa, om Elvisfestivalen sine to kyrkjekonsertar i Bøler kirke, onsdag.

På scena stod Søraa saman med Morgan Vøien og Terje Våge, samt dei to brørne sine Sverre og Espen.

– Det er alltid fantastisk å synge saman med dei. Sidan vi er brør har vi like tonar i stemmene, og det blir som eit godt pipeorgel. Det stemmer ganske greitt det vi styrer med, smiler Søraa.

Fylte to kyrkjer

Helge Hjelle var sjølv til stades på konserten i Oslo, og festivalsjefen er godt fornøgde med første programpost i ei annleis festivalveke.

– Solistane og orkesteret leverte ein formidabel innsats, og vi er veldig godt fornøgde med det vi har levert, seier Hjelle, og legg til at publikum i kyrkja kom med svært gode tilbakemeldingar.


Tok med seg Elvis-stemninga til Oslo

I Bøler kirke i Oslo sørga mellom andre Isak Søraa og Terje Våge for å gi hovudstaden Elvis-stemning.


– Solistane våre var reine filmstjernene i etterkant av konserten. Det strøyma til folk som ville ta bilete saman med dei, legg Hjelle til.

Konsertane frå Bøler kirke vart også sendt direkte på Fjordenes Tidende og Elvisfestivalen sine heimesider. På fjt.no var det 900 unike brukarar som følgde konsertane. Kyrkjekonserten i Sør-Vågsøy kirke kan maksimalt huse 450 publikummarar. Og Hjelle gler seg over at ein fylte to kyrkjer digitalt.

– Vi har strøyma konserten på fleire plattformer, og tilbakemeldinga var at det under den andre konserten sat 2.200 folk og såg på, på andre plattformer enn Fjordenes Tidende, så totalen er ganske stor.


Mange ville få med seg konserten

Fylte to kyrkjer med digitale publikummarar

900 unike brukarar følgde direktesendinga av Elvis-konserten i Bøler kirke onsdag kveld.


– Eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå måløyværingar som har følgt konserten digitalt, og det set vi stor pris på.

Klare for heilt ny konsert

Laurdag er det igjen klart for konsert. Då kjem solistane frå Bøler kirke med eit heilt nytt repertoar.

– Det blir heilt nye songar, artistane stiller i «suits» og det blir ein meir rocka konsert, fortel Hjelle.


Gjer seg klar for ei annleis festivalveke

Sender konsertane direkte ut til heile verda

Då det vart klart at ein ikkje kunne arrangere ein vanleg elvisfestival i år, heiv arrangørane seg rundt og kom opp med eit alternativ. No blir festivalteltet utvida til å inkludere heile verda ved å sende konsertane direkte over nettet.


– Eg er spenn klar! Dei som kjem til Torget kjem til å få ei flott oppleving, men det gjer også dei som ser konserten digitalt, seier Isak Søraa.