Ferietips i Norges vakraste region

Set deg inn i byhistoria

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Eirik Gard Endal

Kultur

I mai i år feira Florø 160 år som by. I nærare 140 av desse åra var byen ute ved kysten den einaste i gamle Sogn og Fjordane.

I den trivelege Strandgata kan ein gå innom butikkar og setje seg på kafé. Medan ein går gjennom gata kan ein oppleve historia til gamle, tradisjonsrike bygg og om Florø.

Staden fekk bystatus grunna den store aktiviteten som sildefisket lagde i området. Skilt på titals av bygga og statuar fortel mykje om bylivet gjennom generasjonar. Ein tur i gata blir dermed ein historisk spasertur.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.