Reiste «heim» for å spele inn musikkvideo i spektakulær natur

Asgeir Aarøen ville vise fram den spektakulære naturen barndomsheimen hans har å by på, og tok derfor den tunge turen opp til Hornelen med gitar på ryggen.
Kultur

– Eg lagar musikk og av og til spelar eg inn musikkvideoar, ofte ute i naturen. I sommar var eg på Hornelen, med min spanske gitar og filmteam, og vi laga ein musikkvideo på toppen av fjellet, fortel Aarøen.