Syng jula inn ved vikingskipet

Didrik Solli-Tangen kjem til Sagastad og held julekonsert fredag 4. desember.

Didrik Solli-Tangen kjem til Sagastad og held julekonsert fredag 4. desember.   Foto: Pressefoto

Kultur

– Didrik Solli-Tangen likar seg godt på Nordfjordeid. Når han denne jula skal sleppe sitt første julealbum, skjer det sjølvsagt her – på Sagastad, seier Aurora Leivdal som er ansvarleg for sal og marknad.

Ho fortel at Solli-Tangen har hatt stor suksess med Melodi Grand Prix, Stjernekamp og andre store oppdrag.

– Og her lokalt har mange møtt han på operapub i lag med læremeisteren hans, Anders Vangen.

No er han klar for stemningsfull julemusikk. Han presenterer kjende klassikarar, ukjende perler og eit knippe eigenkomponerte låtar.

Didrik Solli-Tangen samarbeider tett med Aleksander Raftevold og Sebastian Berg. Dei har produsert plata hans og dei er også med som musikarar.

– Konsert i Sagastad er mektige saker. Aleksander Raftevold veit det og ville så gjerne presentere denne fine julekonserten akkurat her. Han veit at dette blir like magisk som gripande og vakkert, seier Leivdal, og legg til:

– Sagastad-konsertane er ei heilt spesiell oppleving. Akustikken i rommet tar publikum inn i ei klangverd på linje med katedralar. Når applausen brusar stig stemninga bokstaveleg tala i taket!

Det blir eit avgrensa tal publikum som kan få billett og smittevern vil bli ivaretatt med avstand mellom grupper i publikum.