- Dette var ein alternativ konsert, ettersom vi mista Dansegallaen og Måløydagene

Laurdag kveld heldt Måløy Musikklag ein konsert med namnet «Mot ljusare tider» i Samfunnshallen. Dette var første konserten etter at koronapandemien sette ein stoppar for konsertar dei siste månadene.

Første konsert på fleire månader: Laurdag kveld hadde Måløy Musikklag konsert i Samfunnshallen.  Foto: Andreas Hellenes

Kultur

Inviterer til konsert

Håper det går mot «ljusare tider»

Måløy Musikklag savner sitt publikum, og inviterer til konsert i slutten av måneden.


Flesteparten var med: – Vi var 34, inklusivt dirigent, som spelte i dag. Vi hadde nokre få fråfall, opplyser leiar i musikklaget, Kjell Gunnar Tennebø.  Foto: Andreas Hellenes

Publikum tilbake: Rundt 100 publikummarar var til stades under konserten.   Foto: Andreas Hellenes

Showtime: Dei som spelte trompet fekk vist seg fram under «Trumpet Filigree».  Foto: Andreas Hellenes

Ulike instrument: Mange ulike instrument var i bruk under konserten.  Foto: Andreas Hellenes

Heidra: Dirigent Tryggve Dyrvik fekk blomster i etterkant av konserten.  Foto: Andreas Hellenes

Fornøgd leiar: – Vi fekk avlyst Dansegallaen der alle 400 billettar var utseld, og vi fekk avlyst Måløydagane der vi bruker å spele framfor 700 i festivalteltet. Dette var eit alternativt arrangement som følge av dette, uttaler leiar Tennebø i etterkant av konserten.  Foto: Andreas Hellenes