Steffi Van den Branden frå Flatraket lever ut draumen i filmbransjen. Som produksjonsleiar er ho ein sentral persjon for å få visjonane til fleire anerkjente regissørar ut i livet. Nyleg var ho på visitt på gamle trakter under innspelinga av ein reklamefilm på Vestkapp. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Steffi fekk draumejobben av rein tilfeldigheit. No hentar ho stjernene til Vestkapp

Det er ei kjensgjerning at det ikkje er enkelt å skulle ta eit vegval i livet. For Steffi van den Branden frå Flatraket vart eit tilfeldig møte på gata det som skulle til for å stake ut kursen til draumelivet innan filmproduksjon.