Fylkesleksikonet kjem heim: – Vi ser det som ei naturleg oppgåve for oss å sikre at dette rikhaldige og populære innhaldet blir bevart

Vestland fylkeskommune tek over ansvaret for Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane med om lag 7000 lokalhistoriske artiklar.

Fylkesleksikonet har mange artiklar om stadar, personar, næringsliv og mykje anna. Ein av artiklane heiter "Båtruter på Jølstravatnet", og handlar blant anna om rutebåten Skjold, som mellom anna vart brukt til å frakte bryllaupsfølgje. Bildet er tatt av fotografmester M. N. Horne i Florø.   Foto: Nikolai Berg

Kultur

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har sidan 2001 vore ei digital formidlingsteneste med lokalhistorie i sentrum. Tenesta blei etablert og drifta av NRK Sogn og Fjordane fram til 2015. Då tok Allkunne, ei avdeling i stiftinga Nynorsk kultursentrum, ansvaret for å gjere innhaldet tilgjengeleg på nettstaden sin.