Markerte seg igjen

Johanna tok ein av plassane på kokkelandslaget for juniorar

Tysdag skulle dei norske kokkelandslaga presenterast. Og med i kampen om ein plass på juniorlandslaget var Johanna Magdeli Petterson Utvær frå Barmen i Stad kommune.

Tysdag skulle dei norske kokkelandslaga presenterast. Og med i kampen om ein plass på juniorlandslaget var Johanna Magdeli Utvær Petterson frå Barmen. Bildet er tatt då Johanna vann stipend under Matprisen.   Foto: Matprisen

Kultur

Og Johanna, som for tida jobbar for Matmagasinet i Stavanger, var blant dei som kom seg gjennom nålauget. Og saman med følgande kollegaer hamna ho på kokkelandslaget junior:

Andreas Myhrvold – Kaptein – frå Kristiansand – Bur i Sandnes – jobbar for Matfylket Rogaland

Jon Erlend Matre, Visekaptein, frå Tromsø, jobbar på Stock spiseri og drikkeri i Oslo

Håvard Onsøyen, Kokk, frå Molde, jobbar på Stadtholdergården i Oslo

Martine Espeland, Kokk, frå Bryne, jobbar for Restaurant Michaels i Oslo

Andreas E. Fjellheim, Kokk, frå Aurskog, jobbar på Restaurant Arakataka i Oslo

Even S. Sørum, Kokk, frå Bagn i Valdres, jobbar for tiden i TEAM CAP

Robert Haugen, Kokk, frå Bjørkelangen, jobbar for Centropa i Oslo

Benjamin Granerud, Kokk, frå Oppegård – jobbar for Fyr Bistronomi

Christoffer Greiner Fallet, Kokk, frå Flatdal, jobbar for rest. Vaaghals

Johanna Magdeli Utvær, Kokk, frå Barmen, jobbar for Matmagasinet i Stavanger

Tobias Gabrielsen, Kokk, frå Kirkenes , jobbar for restaurant Stallen i Oslo

Johanna har tidlegare gjort det skarpt i konkurransar for lærlingar, både lokalt og nasjonalt, og vann nyleg også stipend frå KokkeKarlas legat under Matprisen på 50.000 kroner. Kokkeutdanninga starta ved Måløy vidaregåande skule sin kokkelinje Restaurant og matfag.

Norske Kokkers Landsforening skriv følgande om utnemninga til nye kokkelandslag tysdag:

– Aldri tidlegare har NKL presentert nye kokkelandslag med så mange utøvarar, til samman 33 utøvarar fordelt på tre lag (kokkelandslaget, junior og Kokkelandslaget Community Catering). I neste fire årsperiode skal dei jobbe målretta for å videreutvikle sine individuelle ferdigheiter, skape trender og innovasjon, forvalte verdas beste råvarer.

– De Norske Kokkelandslagene har også ein imponerande andel damer med på laget, med 33,33 prosent, og snittalderen i De Norske Kokkelandslagene er 25 år, skriv NKL.


Johanna vann kokkestipend på 50.000 kroner. Reiser til ein av verdas beste kokkar i Slovenia for å jobbe der og lære meir

Måndag kveld blei Matprisen delt ut, og under sendinga blei det klart at Johanna Magdeli Utvær Petterson frå Barmen stakk av med stipendet i KokkeKarlas legat. Johanna vil reise til ein av verdas beste kokkar, Ana Ros, i Slovenia og jobbe der for stipendet. 



Kjemper om tittelen «Norges beste kokkelærling»

Konkurrerer med gamle klassekamerater i Norgescup

Til helgen møtes tre tidligere elever fra Måløy vidaregåande skule i Stavanger for å kjempe om tittelen «Norges beste kokkelærling».