Martin er årets artist i Sogn og Fjordane

I kveld vart Luttprisane for 2020 delt ut. Martin Tungevaag vart årets artist, Vêrfast vart årets nykommar og Viggo Randal bak Utkantfestivalen vart årets bakom-person.

Martin Tungevaag vart overraska med Luttprisen som årets artist heime hos foreldrene på Stad.  Foto: Erling Wåge

Kultur

Det er femtande gongen at Luttprisen heidrar musikklivet i Sogn og Fjordane. Heilt sidan 2006 har prisen vore utdelt kvart år. Til vanleg har det vore store musikkfestar under utdelinga. Men i år gjorde pandemien at prisen måtte finne nye metodar.

– Denne gongen har vi reist ut og overraska fleire av vinnarane der dei bur. Så har vi to stått åleine her i den store og tomme salen på Larris scene i Førde og sydd alt saman til eit show. Det gjer denne utdelinga heilt unik, seier programleiarane for showet Stian Sjursen Takle og Svein Inge Bjørkedal.

Dei skulle gjerne laga fest saman med publikum og artistar, og håpar at ting endrar seg til neste prisutdeling. Men dei gler seg stort over å likevel ha klart å få til ei prisutdeling i år.

Martin Tungevaag, som vart årets artist, vart overraska i foreldrene sin heim på Stad. Det var redaktøren i avisa Fjordenes Tidende, Erling Wåge, som trappa opp for å overrekke prisen på ein smittetrygg måte.

Tungevaag er blant dei største internasjonale stjernene frå Sogn og Fjordane. Han fekk heile sin internasjonale turne avlyst på grunn av pandemien i 2020. Men han har brukt tida godt både som småbarnspappa og musikar. Han har det siste året gjeve ut store låtar saman med stjerner som CLMD og Rat City. Låtane har millionar av lyttingar på straumetenester som Spotify.

Han er også nominert til Spellemannspris for låta «DANCE,» og strøymde konsertar både frå toppen av Hoven og frå ein fiskebåt ved Stad i 2020.


Fleire lokale nominert til Spellemann

Martin sin låt DANCE er nominert til årets låt

Det er ikkje berre Andreas Rotevatn frå Stad kommune som er nominert til Spellemannspris i år. Det er også Martin Tungevaag frå Stadlandet i same kommune.


Trioen i Vêrfast vart overraska via eit teamsmøte på scena som årets nykommar. Med konfetti over pc-skjermen vart gjengen heidra, medan dei trudde dei skulle stille til radiointervju.

– Dette er noko av det kjekkaste som har skjedd det siste året, sa Lene Sørøy Neverdal frå Sunnfjord og brørne Hallvard og Torbjørn Mostrøm frå Gulen i Vêrfast frå pc-skjermen under utdelinga tysdag kveld.

Bandet bur for tida i Oslo, og gav i 2020 ut sin første EP. VG trilla terningkast fem for singelen «Nok sagt!».

Det nyaste tilskotet til Luttprisen er bakomprisen. Den går til ein person som har gjort ein ekstra innsats for å vise fram og legge til rette for artistane i Sogn og Fjordane. I år gjekk prisen til Viggo Randal.

Han har vore ein tydeleg festivalsjef for Utkantfestivalen i tolv år. Han har brukt nesten all si tid på å byggje opp og utvikle festivalen som vert arrangert på ein liten holme ytterst i Sognefjorden. I 2019 sette Utkantfestivalen rekord med totalt 12.400 besøkande. No gir Viggo Randal seg i festivalen, men legg ikkje sjul på at han er full av idar for framtidige arrangement.

Luttprisane er tre stipend på 25.000 kroner frå eigarstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Vinnaren av bakomprisen kan ikkje bruke prispengane på seg sjølv, men må bruke dei på å fremme nye artistar i regionen.

Det er ein publikumsjury med tusenvis av røyster og ein fagjury med åtte medlemmer som har bestemt kven som får Luttprisane i år. I juryen sit Arnt-Ivar Naustdal, Per Idar Almås, Øyvind Lyslo, Hilde Hegrenes , Ivar Bruvik Sætre, Elise Hessevik, Lise Lydersen og Pål Fidjestøl.