Her kan du sjå Luttprisen direkte frå klokka 20.00

Sjå kven som blir årets artist

I kveld er det endeleg klart for utdeling av Luttprisane til årets artist, årets nykommar og årets bakomperson frå Sogn og Fjordane.
Kultur

Showet kan du sjå på nett-tv i lokalavisene eller du kan høyre det direkte i radio på NRK i Sogn og Fjordane. Sendinga startar klokka 20.03.

Luttprisen pleier å bli delt ut under store musikkfestar. I fjor var det fullt hus med rundt 600 i salen på Larris scene i Førde. Målet var å lage ein enno større fest i år. Men slik kan det naturlegvis ikkje bli. I staden går Luttprisen i kveld utan ein einaste publikumar i den store og tomme konsertsalen.

– Det er veldig spesielt, men likevel noko veldig fint med å klare å gjennomføre Luttprisen trass i pandemien. Eg trur det er viktigare enn nokosinne å sette pris på det fantastiske musikkmiljøet frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Det seier Stian Sjursen Takle som er programleiar for showet i kveld saman med Svein Inge Bjørkedal.

Bjørkedal er sjef for Luttfest som no er blitt ein eigen musikkfestival. Festivalen har som mål å vise fram og utvikle musikkmiljøet i Sogn og Fjordane.

– I år må vi vere kreative, og har brukt dei siste dagane aktivt til å reise ut for å overraske vinnarane. Når vi ikkje kan samle folk, så må vi gjere alt mykje enklare i år. Korleis det har gått skal du få sjå i kveld. Men eg må innrømme at eg gler meg stort til vi kan få lage ein ny stor fest med publikum neste år, seier Bjørkedal.

Finalistane til Luttprisen som årets artist er Eva Weel Skram, Tungevaag, Odd Einar Nordheim, Odd-Erik Lothe, Alexander Pavelich, Erlend Apneseth, Sissel Marie, Oselie, Tyyl! Og SOFIA. Finalistane til årets nykommar er Vêrfast, Troys, Heatwaves, I See Rivers og Siri Byrkjedal. I tillegg vert Luttprisen til årets bakom-person delt ut i kveld. Den går til ein person som har engasjert seg ekstra for artistane i regionen. Det er ein stor publikumsjury med tusenvis av røyster, samt ein stor fagjury som bestemmer kven som får prisane.