Påskepodkast: Kven er du?

Carina Emilie visste ikkje at ho hadde Asperger syndrom før ho var 16 år. Då fall mange bitar på plass

Påskeafta er ein dag med usikkerhet og uvisshet. Carina Emilie Hammersvik, 26, kjende seg annleis, og var usikker og utrygg. Ho visste ikkje at ho hadde Asperger syndrom før ho var 16 år.
Kultur

Mange bitar fall på plass då ho fekk ho vite det. Noko vart verre, noko vart betre. Ho er glad i livet og glad i å dekorere negler og pusle med andre kreative ting.

For Carina er det ekstra viktig å ta ein ting om gangen. Sjølv om diagnosen hennar gjer det ekstra nødvendig, vil ho også råde alle andre til å gjere det same.

Høyr samtalen her:



Podkastvert er Sølvi Hopland Aemmer og redigering er gjort av Bjarne Eldevik.


Påskepodkast: «Kven er du?»

Andrej kom til Måløy i 2013. I dag snakkar han nordfjorddialekt, kjenner seg integrert og glad og er sjef i eit lokalt byggfirma

Det var ingen som vifta med palmegreiner då Andrej Brosdeano kom til Norge.



Påskepodkast: Kven er du?

– Vi får høyre kva som driv Geir, kva han kjempar for, og kva han håpar å bli hugsa for

Skjærtorsdag, ein dag kjend for svik. Venner som ikkje vågar å stå opp for sin venn og for det dei kjenner er rett.



Påskepodkast: Kven er du?

For Eva er ikkje langfredag berre ein fredag, men ein merkedag som kan romme alle hennar prosessar og kampar

Eva Stavseth Langseth er den høgreiste prestefrua med trønderdialekt, fargerike klede, nasedobb og sans for det ekte og ærlege.