Sjå bildeserie frå elevkonserten:

– Gøy å få framføre sin eigen nye låt

Elleve år gamle Kristianne Pauline Holmøy hadde debut då ho song og spelte ein låt som ho sjølv har laga tekst og melodi til i Operahuset Nordfjord.
Kultur

Det var gøy, seier Kristianne Pauline, som spelte piano og song Don`t care about what they say på elevkonserten laurdag. Låten hadde ho skrive ferdig for ei veke sidan og ho tok han til operascena på det som var den første elevkonserten til Stad Kulturskule.