Den digitale UKM-fylkesfestivalen startar på ei lokal scene

Dei første opptaka til den digitale UKM-festivalen blir gjort i sommar. – Vi startar på Eid i Stad kommune og jobbar oss sørover, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Kultur

Vestland fylkeskommune samarbeider med Bergen Live om videoproduksjon for sceneinnslag med deltakarar som er sende vidare frå dei lokale UKM-arrangementa i kommunane. UKM står for Ung kultur møtest og er for barn og ungdom mellom 13 og 20 år. Her får dei vise seg frå innan til dømes musikk, scenekunst, kunst og lyrikk.