Ferietips i Norges vakraste region

Besøk eit av Norges største helleristingsfelt

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Eirik Gard Endal

Kultur

Med høge fjell og beitemarker på eine sida og fjorden på andre sida ligg helleristningsfeltet i Ausevika, mellom Stavang og Eikefjord. Feltet inneheld over 350 figurar og er eit av dei største i Norge. Figurane er over 3.000 år gamle. Motiva er menneske, dyr, geometriske teikn og spiralar.

Området er fint tillaga med gangbruer og ligg ein kort rusletur frå parkeringsplassen. Anlegget har toalett.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.