Trudde du det var nok med eit blad Sand i Kalvåg? Neida, no kjem kunstnarbroren også for å stille ut, halde kurs og oppleve kysten

Aune Sand har falle hardt for Kalvåg og Bremanger. No kjem også tvillingbroren, Vebjørn Sand, for å sjå på pop up-utstillinga han, faren Øivind og Marianne Aulie har på staden.

Aune Sand har falle hardt for Kalvåg og Bremanger. No kjem også storebroren, Vebjørn Sand, for å sjå på utstillinga han, faren Øivind og Marianne Aulie har på staden.   Foto: privat

Kultur

– Marianne, min far Øivind og eg har pop-up utstilling på Knutholmen i magiske Kalvåg på Vestlandet. Aune og Marianne har vore der ei veke allereie og fortel om fantastisk mat, idyllisk overnatting og fisk så fersk og nydeleg laga til at den lever i minnet lenge, seier Vebjørn Sand.