Fullt hus for første gang på 1,5 år – 300 lo og koste seg på stand up-show

– Det stemmer at det var fullt hus, ja. Det var første gang på over 1,5 år, og det var fantastisk å fylle alle setene igjen, seier kulturhusleiar Ronny Silden Totland.

Det var komikar Terje Sporsem som stod på plakaten og han innfridde.  Foto: Fjordenes Tidende

Kultur

Det var standup-komikar Terje Sporsem som stod på plakaten, og han skuffa ikkje.

– Ja, det var mykje latter og ståande applaus, seier Silden Totland, som fortel at Sporsem også fekk tatt seg ein tur og sjekka ut tilboda i Måløy sentrum før showet.

– Terje fekk også teste den nyopna Havfruen laurdag, og blei mektig imponert. Flotte lokale og fantastisk mat, sa han, og han gler seg til å kome til Måløy igjen.

Kulturhusleiaren er også glad for å sjå ringverknadane av at kulturlivet no kan starte igjen.

– Laurdag hadde SIL Turn servering under arrangementet, så det er kjekt å sjå at frivilligheita endeleg kan begynne å tene pengar igjen.

Det neste som skjer i Nordfjordhallen er haustkonsert med Måløy Musikklag laurdag 30. oktober før det blir illusjonsshow med Alexx Alexxander under Jubeldagane i Måløy i midten av november.

– Deretter blir det julefamilieteater og julekonsertar. Det er veldig kjekt at folk har begynt å bruke kulturtilboda igjen!