Lovar morosamt mysterium på julerevyen

Elevane i 3STA ved Måløy vidaregåande skule satsar på nytt på julerevy. Dei er godt i gong med planlegging og øving før dei endeleg skal stå på scena 21. desember.

Otelie Flataker (f.v), Johannes Grytting, Martin Sjøthun Reksnes og Thea Hunvik Kvalheim lovar publikum spennande julestemning.   Foto: Kjellrun Åsebø

Kultur

– Vi håper mange kjem på revyen. Kjernen i handlinga er at lærarane i ei klasse blir kidnappa rett før jul. Superkokken Eyvind Hellstrøm og venen hans, Truls Svendsen, som eigentleg skulle bli nye lærarar på skulen i mat og helse, får i oppdrag frå rektor å løyse mysteriet, seier Otelie Flataker og smiler.