Har stått høgt på ønskelista i mange år: No kjem dei til Malakoff 2022

Stonerrockarane Clutch har ikkje spelt ein festivalkonsert i Norge på mange år. No blir den første festivalkonserten deira etter alle desse åra på Nordfjordeid under Malakoff 2022.

Clutch kjem til Malakoff 2022 og festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er begeistra.  Foto: Dave Brodsky

Kultur

Dei amerikanske rockarane frå Maryland blir ofte rekna som eit av dei største undergrunnsbanda i verda, og til sommaren spelar dei ein eksklusiv og etterlengta festivalkonsert på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid.