Isabell og Malin spreier juleglede ilag med hestane

Isabell og Malin vil spreie juleglede og tok hestane ut av stallen for å gå i juleopptog.

Juleopptog på Nordfjordeid. Isabell Fonn Hjelle (t.v.) med Von Tor og Malin Louise Kaupang Os med Harley Quinn hadde pynta både seg sjølve og hestane til juleopptoget som gjekk for å spreie juleglede.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Vi vil spreie juleglede. Det er jo ikkje alle som har like mykje juleglede, og det er ikkje noko typisk julevêr ute heller no. Det er greit å få ein liten følelse av jul, smiler Malin Louise Kaupang Os.