Dette minneordet over Bjørn Arvid Sætren er skrive av kollegaer frå Havforskingsinstituttet.

Bjørn Arvid Sætren byrja på Havforskingsinstituttet hausten 2020 – men det kjennest som han har vore mykje lenger hos oss. For han hadde den evna at han gjekk all in heilt frå starten – det var aldri noko halvvegs med Bjørn Arvid.

Det faglege er ei side. Her var han trygg og oppdatert og nytte stor respekt – ein framsynt og tydeleg leiar. Det som prega han vel så mykje var det sterke nærværet, entusiasmen for oppgåvene og viljen til å få noko til.

Etter fleire år i Fiskeridirektoratet, byrja Bjørn Arvid i ei tilsvarande stilling hos oss. Her tok han til som leiar for HI digital – ei avdeling som framleis var i utformingsstadiet. Bjørn Arvid fylte rolla som digitaldirektør frå dag 1. Midt i ein pandemi lukkast han med å omforma to separate seksjonar til ei avdeling med tre seksjonar. Som leiar følgde han opp og styrte ved å oppmuntra og stilla spørsmål. Han sette klare, overordna mål og ga medarbeidarane ansvar og tillit.

Bjørn Arvid sette brukaren i sentrum. Han la til rette for god dialog mellom dei som brukar, dei som utviklar og dei som forvaltar dataa. Han kombinerte overordna økonomiske perspektiv og praktiske døme på ein slik måte at både IT-utdanna og «lekfolk» skjøna kva han snakka om.

Å lukkast med ei nyoppretta avdeling slik Bjørn Arvid gjorde, kan verka som om det er teke rett frå læreboka. Men alle som har freista å leia andre og kanskje òg andre leiarar, veit at i den verkelege verda er slikt nybrotsarbeid enklare sagt enn gjort. Utan leiareigenskapane, personlegdommen og det vinnande vesenet til Bjørn Arvid, ville vi truleg ikkje ha kome så langt i omorganiseringa og utforminga av HI digital. Den nye avdelinga vaks i tillegg fram med så godt som alle i avdelinga på heimekontor. Det er ei bragd det står respekt av.

Bjørn Arvid lente seg alltid fram. Og for ein arbeidsgjevar er det veldig godt med dei som lener seg fram: som interesserer seg utover sitt felt, som konstruktivt deler av kunnskap og erfaring og som spør og bryr seg om andre. Slik var Bjørn Arvid.

Desse gode eigenskapane tok han også med seg rundt lunsjbordet og i kaffipausen. Bjørn Arvid var ein kollega det var godt å ha med seg – både i og utanfor kontoret.

Fordi Bjørn Arvid var den han var som fagperson og som kollega – så  vart det så veldig merkbart då han brått vart sjuk og ikkje lenger hadde sitt daglege virke saman med oss.

Nokre tomme stolar er tommare enn andre. Og det vart veldig tomt og stille etter Bjørn Arvid. Vi har mista ein kjær kollega.

Og vi kan berre byrja å førestilla oss korleis det er for hans nærmaste. Vår djupaste medkjensle går til Turid, Signe, Håkon, Daniel og resten av familien.