– Det var eit utruleg flott program. Både kammerkoret, spelinga og solistar var overraskande bra, og det er gøy, seier Raimund Hoclas.

Den store julekonserten løfta inn julestemninga i Bremanger kyrkje laurdag. Skulemusikken fekk orkesterplass og det var barn som stod i fremste rekke med song og musikk, og som fekk tenne lys i adventsstaken.

– Vi hadde det tradisjonelle og gjekk også litt ut på sida, og alt blei like fint. Det var heilt fantastisk, seier Raimund Hoclas, i leiinga som dirigent for arrangøren Bremanger skulemusikk.

Viktorija Grinvalde Varpe (f.v.), Oda Louise Førde Rognes, Ariel Bratseth og Amanda Nyborg kom med både song og musikk på konserten. Her er dei i lag med dirigent for Bremanger skulemusikk Raimund Hoclas. Foto: Siri Kolseth

Det var fire jenter som spelar i skulemusikken som song som solistar, og i tillegg var Sigurd Strand solist.

– Ungane i Bremanger skulemusikk får bruke det dei held på med. Om nokon syng, spelar bass eller kanskje piano, så blir det brukt, seier Hoclas.

Det er eit ønske at ein vil gje unge solistar ein sjanse til å opptre slik at dei blir vande.

Annette Svarstad, som er leiar for Bremanger skulemusikk, seier at dei har eit sterkt fokus på barna på julekonserten. Konserten laurdag innleia eit nytt samarbeid mellom musikklag og skulemusikk. Dei skal spele og opptre saman fleire gonger.

– Det er veldig i tida at skulemusikken får spele i lag med dei vaksne, seier Svarstad.

Det var Jarle Grotle som hadde laga konsertprogrammet til den tradisjonsrike julekonserten.

– Vi kan ikkje gjere det betre, eigentleg, seier han tilfreds.

Bremanger kammerkor syng under leiing av Jarle Grotle på piano. Foto: Siri Kolseth

Julekonserten var med Bremanger skulekorps og Bremanger kammerkor som alltid er med, og i år med også Bremanger musikklag.

Publikum fekk høyre song og musikk som korpsa og koret ikkje har framført tidlegare. Musikklaget kom med solist Sigurd Strand og spelte «It’s the most wonderful time of the year» for første gong. Skulemusikken hadde øvd inn «Jul i svingen», og kammerkoret song «Candlelight Carol» som er ein ny song på deira repertoar.

Programmet hadde fire allsongar og Jarle Grotle seier «Det lyser i stille grender» måtte bli allsong fordi den ikkje vart sett på speleprogrammet denne gongen. Julesongen med tekst av Jakob Sande vil han ha med når det er julekonsert i kyrkja.

– Det som alltid går igjen er Deilig er jorden.

Til solist med kammerkoret på salmen «Mitt hjerte alltid vanker» hadde Jarle Grotle invitert saksofonist Laila Beathe Førde, som han seier er ein fantastisk musikar.

Det var tid for den tradisjonelle julekonserten i Bremanger kyrkje. Foto: Siri Kolseth
Aspirantane til Bremanger skulemusikk spelar, mens Viktorija Grinvalde Varpe og Oda Louise Førde Rognes syng. Foto: Siri Kolseth
Aspirantane til Bremanger skulemusikk hadde Laila Beathe Førde med til å leie framføringa. Foto: Siri Kolseth
Ariel Bratseth (t.v.) og Amanda Nyborg er solistar på Selmas sang. Foto: Siri Kolseth
Bremanger kammerkor syng Nordnorsk julesalme. Foto: Siri Kolseth
Bremanger musikklag spelar Tre nøtter til Askepott. Foto: Siri Kolseth
Det er snart jul når det er julekonsert i Bremanger kyrkje. Foto: Siri Kolseth
Alf Reidar Melvær Vadøy er solist på songen Mitt hjerte alltid vanker. Foto: Siri Kolseth
Bremanger kammerkor syng. Foto: Siri Kolseth
Bremanger musikklag spelar Tre nøtter til Askepott. Foto: Siri Kolseth
Geir Magne Røys var konferansier og leia julekonserten i Bremanger kyrkje. Foto: Siri Kolseth
Det vert tent tre lys og sunge adventssong som allsong. Foto: Siri Kolseth
Bremanger musikklag spelar. Foto: Siri Kolseth
Bremanger musikklag spelar under leiing av dirigent Trond Strand. Foto: Siri Kolseth
Sigurd Strand er solist og syng saman med Bremanger musikklag under leiing av Trond Strand. Foto: Siri Kolseth
Foto: Siri Kolseth
Dirigentar var Trond Strand, (f.v.). Raimund Hoclas og Jarle Grotle. Foto: Siri Kolseth
Saksofonist Laila Beathe Førde er med når Bremanger kammerkor framfører ein av songane. Foto: Siri Kolseth
Det er allsong på Deilig er den himmel blå. Foto: Siri Kolseth
Det er tid for siste allsong som alltid er Deilig er jorden. Foto: Siri Kolseth