Hornelen sett frå aust. Med poststempel frå den store Hekse-festivalen i Berle i 29.06.1990 då det var postkontor på toppen av fjellet. Foto: K. Knudsen.

Om lokal heksemani på 1600-talet: – Dette er kanskje noko å tenkje på viss ein heng i jarnboltar under toppen av heksefjellet vårt

Mange har høyrt mykje om hekseprossesane i Danmark-Noreg den gong demonologien stod sentralt i den kristne trua særleg fram til år 1700. Etter reformasjonen i 1536/37 var det mykje den protestantiske kyrkja ville rydde opp i ut frå si bibeltolking i høve den katolske.