Den sorte enke

Den sorte enke har tre barn. Personen som skjuler seg inni kostymet synest også det er vanskeleg å komme på noko om seg sjølv som ingen veit, fordi han eller ho har vanskar med å la vere å fortelje andre om ting som skjer i livet sitt. Den sorte enke er heldigvis ikkje redd for edderkoppar. I eit svart kostyme med korsett har Den sorte enke sunge for oss.

Den sorte enke på scena i Samfunnshallen. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Bjørnekongen

Bjørnekongen er ein person som veldig mange har eit forhold til. Det vil seie at veldig mange i lokalmiljøet veit kven han eller ho er i alle fall. Personen som skjuler seg inni i bjørnen har ein gong ridd dromedar i Afrika. Og det var skikkeleg avslappande. Like avslappande var det ikkje å ha på seg det store maskehovudet til Bjørnekongen. Der inne var det vanskeleg å puste.

Bjørnekongen på scena i Samfunnshallen. Foto: Kjellrun Åsebø

Spåkona

Den fargerike Spåkona i lilla, oransje og rosa har to favorittfargar og det er gul og blå. Artisten har også loge på alderen for å få vere skodespelar i ein familiepark. Det gjekk dårleg den gongen og artisten fekk avslag. Men Spåkona blei ikkje sparka ut av Måløy maskedrama. Der har han eller ho fått både sunge og danse på scena.

Spåkona dansar på scena i Samfunnshallen. Foto: Kjellrun Åsebø

Trollmannen

Trollmannen trivst langt over gjennomsnittet med å ferdast langs landevegen og har førarkort på det aller meste. Trollmannen har også ein gong fått køyre hurtigbåten Fjordprins i 38 knop.

Trollmannen syng to sangar i Samfunnshallen. Foto: Kjellrun Åsebø

Nøtteknekkeren

Nøtteknekkeren ser eigentleg på seg sjølv som ein ganske kjedeleg person, men som ung var han eller ho ein del av ein gjeng som restaurerte amerikanske bilar og reiste rundt på treff. Nøtteknekkeren er også glad i nøtter.

Nøtteknekkeren på scena i Samfunnshallen. Foto: Kjellrun Åsebø
Bli kjend med alle artistane i Måløy maskedrama. Foto: Kjellrun Åsebø / Bjørn Erik Drabløs /Myrseth Design