– Vi song alle tre i det finaste koret – Måløy songlag, men vi slutta i koronaperioden. Ein ettermiddag møtte eg Anne Grete og Listbeth på butikken, og vi kom i prat om musikk, seier Inga Andal.

Dei bestemte seg for å synge litt saman og første øvingshelga hadde dei i Nilsestova på Kråkenes.

– Og der kjem også namnet vårt frå sidan Nilsestova ligg nordigard.

Dei har no sunge saman i 1,5 år og sjangeren er nordic folk og countryversjonar av kjente låtar i dei fleste sjangrar, alt frå Alice Cooper med Poison til Whitney Huston sin I Wanna Dance with Somebody.

– Vi har det utruleg kjekt i lag, diggar litt tette akkordar og har med nokre kjekke instrument som melodika, fottamburin og kalimba.

Nordigard har også med seg Arne Andal som fast musikar på konsertar.