Har du nokon gong sete inne på ein kald vinterdag og ikkje ant kvar du skal gjere av deg? Når innsida av huset kjennest varm og lun, og utsida kald og mørk?

Mørket kan vi ikkje gjere noko med. Armmusklane er store, men ikkje store nok til å endre korleis jorda spinn rundt. Det at du ikkje anar kvar du skal gjere av deg, det kan vi hjelpe deg med! Her kjem nokre eksempel på aktivitetar og artige ting du kan finne på i desse kalde vintermånadane.

Ein klassikar når det gjeld vinteraktivitetar er jo sjølvsagt hyttetur. Enten du leiger eller eig hytte er den ein perfekt stad å bruke dei kalde og mørke vinterdagane på ein god måte. Denne typiske norske tradisjonen er nesten eit «must» når det gjeld vintermoro. Ikkje berre er ein hyttetur med venar eller familien moro og koseleg, det kan også vere bra for både den mentale og fysiske helsa di.

Ein diett beståande av grilla pølse, kakao og Kvikk Lunsj vil absolutt hjelpe på den uunngåelege vinterdepresjonen og vil hjelpe (kan garantere) ei betre mental helse for den kommande våren. I tillegg vil henting av ved og all vinteraktiviteten bidra til ei generelt betre fysisk helse som kjem godt med når ein skal presse seg inn i bunaden igjen i tide for konfirmasjonar og 17. mai.

Dei vanlegaste aktivitetane ein finn på ute i snøen er å dra på skitur, ake eller stå på slalåm. Alle har forskjellige preferansar når det kjem til kva ein likar best, men ingen kan nekte for at det er ei viss mengde moro ein kan finne på. Kva du likar best, er varierer også med alder. Ein «typisk» 6-åring ville nok føretrekt å ake framfor å gå på langrennsski i fleire timar, medan pensjonisten Jorunn ville kanskje føretrekke ein roleg skitur gjennom hyttefeltet.

Ein klassisk kompanjong på ski- og aketur har vi alle ei førestilling av. Dei fleste kan nok vere einige i at Kvikk Lunsj og Solo kjem først i rekka. Ingenting slår dei tre første slurkane med Solo, eller bit nummer 2 av Kvikk Lunsj-plata. Ein annan klassisk kompanjong er kakaoen i termosen, gjerne i lag med litt marshmallows eller krem. Mange kan seie seg einige i at heimanfrå vil mor også sende med ei god gammal grovbrødskive med Nugatti og smør. Den kan no også vere ganske god på skitur, den òg.

Alle desse aktivitetane kan du gjere i den kommande vinterferien, som startar 19. februar i år. Om du føler på at vinterferien skulle vore lengre, er du ikkje aleine. Dei fleste i 1STA på Måløy vidaregåande er nemleg einig med deg! Heldigvis treng du berre å vente fire veker til påskeferien, som kjem i slutten av mars.

Lykke til med vintermoroa vidare i vintermånadane!