Kim er nemleg brannsjef i Kinn kommune, og det har kona Bianca latt seg inspirere av. Allereie idet du kjem inn ytterdøra ser du silhuetten av Kim «at work» med eit brannsløkkingsapparat på ryggen på veggen. Klar til å sløkke brannen i peisen om det skulle oppstå eit behov for det.

I gangen har dei plassert ein gamal brannhydrant.

– Det var ein gamal, øydelagt hydrant som stod i Måløy. Vi fekk den sandblåst og lakka på Repco på Raudeberg, smiler Bianca.

Du forstår med ein gong at nokon i huset har noko med brannvesenet å gjere. Foto: Kjellrun Åsebø

Det er meir som viser at det bur ein brannsjef i huset.

Ting som pynt

Kreative Bianca liker å ha brukte ting som pynt, eller som del av møblar og interiør.

Som knaggane i gangen.

– I gangane i gamle Vågsøy ungdomsskole var der sittebenkar og over dei plater med knaggar til å henge jakker på. Toppen av knaggane var knekte sidan folk drog og hang i dei. Vi skrudde knaggane ut av stativa, og skrudde dei fast på ein planke som eg fann og måla svart.

– Hugsar du korleis folk brukte å henge i knaggane på veggen på ungdomsskulen, spør Bianca. Foto: Kjellrun Åsebø

Beina til utebordet er også frå den gamle skulen.

Favorittplassen til Kim og Bianca er sofakroken i stua.

– Å sitte i sofagruppa inne i stua, der vi kan sjå utover hamna, er favorittplassen vår i stua. Kim sit ofte i sofaen og eg sit i eine stolen, seier Bianca.

– Det var her vi sat då vi bygde huset. Då sat vi på pallar og drakk kaffi, og fann ut kor fint det var å sitte akkurat her, seier Kim.

Ville ha det sånn

Bianca har vore med på å bestemme korleis huset over eitt plan skulle vere:

– Det er verken eit stort hus eller eit kataloghus. Eg bestemte korleis det skulle vere inne, og Rolf Erik Nore teikna huset etter det. Vi har alltid ønskt oss eit hus på ei flate. Vi blir jo eldre etter kvart. Vi føler at vi bur midt i alt og nært sentrum, og det er veldig bra, seier Bianca om huset som ligg i Halsbakken mellom Gate 3 og 4.

Pussar opp heile tida

Sidan dei flytta inn i huset for ni år sidan har dei ifølge Bianca pussa opp støtt og stadig. Ikkje heile huset samtidig, men rom, tak og vegger.

– For meg er å måle huset det same som når andre måler på lerret. Eg liker å fornye eit rom. Eg slappar av med det, seier Bianca.

Dette bildet hadde Bianca og Kim på stua. Men det har no fått ein ny plass på baderommet. Foto: Kjellrun Åsebø

Ektemannen blei glad då Bianca begynte i ny jobb som kjøkkendesignar på Elkjøp. Kanskje behovet for endring blei mindre heime.

– No får du temma interessa di, sa han til meg, smiler Bianca.

– Men det blei pinade mykje verre! ler Kim.

Veggkunst …

Nyleg tok Bianca nok eit interiørsteg. Ho spurde kunstnar Øyvind Schulstad Engen om å måle eit stort kunstverk rett på stueveggen. Og resultatet, eit stort trist ansikt der noko som ser ut som blod renn frå det eine auget, har skapt mange diskusjonar.

Det er umogeleg ikkje å legge merke til det store veggmåleriet i stua. Foto: Kjellrun Åsebø

– Nesten ingen synest at det er klassisk fint, for det er jo litt meir skummelt. For meg treng ikkje interiør å vere fint, men det må vekke kjensler. Det same er det med kunst og dette veggmåleriet. Eg liker å ha det fint rundt meg, men på Facebook og Instagram er alt alltid veldig kunstig fint. Situasjonen vi ser i dette måleriet vil kome til dei fleste av oss ein gong. Og det kjem svært mange gode samtaler ut av det. Det synest eg er veldig fint, seier ho.

– Det er nokre vaksne og eldre som rådiggar måleriet, men fleirtalet av dei som liker det er yngre, smiler ho.

… og utedusj

Ein kjent Måløy-venn – nemleg vinden – har bidratt til å bestemme Bianca sin favorittplass utanfor huset.

– Eg skulle ønske at eg kunne seie at favorittplassen ute er på altanen på framsida med den beste utsikta. Men det blåser så ofte, så vi har levegg på pergolaen, og sit heller der, seier ho og legg til:

– Vi er eigentleg heldige alle dagar vi har sjanse til å sitte ute her i Måløy, så eg bryr meg eigentleg ikkje om kor eg sit, berre eg får sitte ute, ler ho.

På verandaen har også familien ein dusj. Foto: Kjellrun Åsebø

Og ute kan ho og Kim også gjere ein annan spesiell ting: Dusje!

Ute har dei nemleg kosekrok, matbord, ein stol til å slappe av i, ei utestue og ikkje minst … … ein utedusj.

– Eg elskar soverommet vårt. Det å vakne opp eller berre ligge å sjå på denne utsikta, seier Bianca. Foto: Kjellrun Åsebø
– Denne har eg sett saman sjølv. Eg henta steinen og bora eit hol i den slik at eg kunne sette ned i statuen, seier Bianca og peiker på kunsten som står framfor dusjveggen i glas. Foto: Kjellrun Åsebø
Ho har laga eit liknande kunstverk som står i gangen. Foto: Kjellrun Åsebø
– Vi hadde eit firkanta bord, men vi har akkurat sett saman dette. Vi kjøpte bein og så fekk vi laga ei plate til det. Det er i grunnen meir samlande rundt dette bordet, seier Bianca. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette rommet ligg mellom romma til ungane til Kim og Bianca og blir brukt som TV-stue og avslappingsrom. Foto: Kjellrun Åsebø
Inne på rommet til Ayla (t.v.) er det latter. Ho har besøk av venninna Hansine. Foto: Kjellrun Åsebø
På den eine sida av huset står ei lita leikehytte. Den er også fint møblert. Foto: Kjellrun Åsebø
I tillegg til gullgrisen på vaskerommet er det andre små dyr i gull og sølv i huset. Her frå kjøkkenet. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg elskar elefantar, seier Bianca då ho gjekk forbi knaggane på soverommet. Foto: Kjellrun Åsebø
Inne i grunnmuren under oppkøyrselen sit ei stor ørn og passar på. Foto: Kjellrun Åsebø
– Ørna betyr lykke og denne fekk vi med forlovaren vår i bryllaupsgåve, seier Bianca. Foto: Kjellrun Åsebø