– Vi får det inn med morsmjølka, smiler Sigrid Elise Midthjell, som var med frå Vindfylla spelemannslag på julekonserten i lag med både faren Berner Midthjell og døtrene Sophie (9) og Julie (7).

Sigrid Elise var to månader då foreldra tok ho med på landsfestivalen i gammaldansmusikk, og som tiåring var ho med på den første julekonserten. Søndag gjorde Sophie og Julie sin julekonsertdebut. Der fekk jentene spele i lag med mor og morfar når feleaspirantane og Vindfylla spelemannslag stod på scena i lag.

Det var først allsong med "Det lyser i stille grender" til musikk av Kjølsdalen skulemusikk. Foto: Siri Kolseth

– Det er veldig gøy og morsomt når eg ser at menneske som høyrer på blir glade av musikken, seier Sophie Midthjell Sundal.

Ho og søstera har spelt fele i Stad kulturskule sidan dei byrja i haust.

 Kjølsdalen montessoriskule song songar frå eit spel dei skal sette opp på skulen.  Foto: Siri Kolseth

Mektig konsert

Kjølsdalen kyrkje var fullsett på den tradisjonsrike julekonserten som vert arrangert av Kjølsdalen Musikklag søndag før jul.

Leiar for musikklaget er Anne-Britt Nor og ho seier at konserten var mektig.

– Det var fantastisk med alt frå ungane som song og spelte til det å sitte og spele sjølv og ta imot så mykje fin musikk frå andre, både solistar, songsolistar og orkester, seier Nor.

Feleaspirantane i Vindfylla spelemannslag spelar med musikalsk leiar Olga Pavlova. Foto: Siri Kolseth

Slik det er tradisjon for deltok Kjølsdalen skulemusikk, Kjølsdalen montessoriskule, Kjølsdalen Musikklag, feleaspirantane og Vindfylla spelemannslag.

Gjester var Anna, Hege og Arnt-Ivar Naustdal som kom med song på konserten.

– Det var veldig, veldig fint, seier Anne-Britt Nor.

Konferansier på julekonserten var Terje Gilleshammer.  Foto: Siri Kolseth

Kjølsdalen Musikklag med dirigent Kari Standal Pavelich overraska publikum med ein norgespremiere på Julenatt frå Soga om Sol arrangert for brass. Verket var bestilt til musikklaget og julekonserten.

– Det var flott med ny musikk og eit nytt arrangement, seier Anne-Britt Nor.

Som alltid var det allsong på konserten, først Det lyser i stille grender og til slutt Deilig er jorden.

Feleaspirantane og Vindfylla spelemannslag spelar i lag. Foto: Siri Kolseth

Gav julestemning

– Det var så koseleg. Eg føler konserten gjev meg den julestemninga eg mangla, seier Vibeke Haus.

For Haus er julekonserten i Kjølsdalen tradisjon. Før  var ho med og spelte i korpset, no kjem ho for å høyre på. Denne gongen likte Vibeke Haus veldig godt trykket som var i barnekoret ved Kjølsdalen montessoriskule som kom med musikalsk leiar Thomas Hals.

– Du ser at dei er så glade for å vere der. Det er koseleg å sjå på, seier Haus.

Elevar ved Kjølsdalen montessoriskule syng under musikalsk leing av Thomas Hals.  Foto: Siri Kolseth
Kjølsdalen Musikklag spelar.  Foto: Siri Kolseth
Ung solist frå Kjølsdalen montessoriskule. Foto: Siri Kolseth
Kari Standal Pavelich og Kjølsdalen Musikklag kom med eit stykke som hadde noregspremiere. Foto: Siri Kolseth
Kjølsdalen Musikklag spelar.  Foto: Siri Kolseth
 Hege og Arnt-Ivar Naustdal er solistar på "Jul, jul, strålande jul" med Kjølsdalen Musikklag.  Foto: Siri Kolseth
Det er tradisjon med allsong på songen "Deilig er jorden" til musikk av Kjølsdalen Musikklag. Foto: Siri Kolseth
Kjølsdalen Musikklag spelar.  Foto: Siri Kolseth
Kjølsdalen Musikklag spelar. Foto: Siri Kolseth
Vindfylla spelemannslag.  Foto: Siri Kolseth
Vibeke Haus var ein av dei mange som kom glad ut frå ein konsert som ho likte.  Foto: Siri Kolseth
Tryggve Dyrvik dirigerer Kjølsdalen skulemusikk. Foto: Siri Kolseth
Vindfylla spelemannslag kom med mellom anna den lokalt skrivne"Bruremarsj frå Kjølsdalen». Foto: Siri Kolseth
ari Standal Pavelich er dirigent for Kjølsdalen Musikklag som her framfører "The Bells of Christmas". Foto: Siri Kolseth
Anna Naustdal syng visa "Romjulsdrøm". Foto: Siri Kolseth