Skulen vår

Sist veke kom det eit forslag om å legge ned studiespesialiserande, YSK/TAF-linjene og restaurant- og matfag på MVS i 2025.

Som elevar frå Måløy vgs, som ikkje minst går på studiespesialiserande, følte vi eit ansvar for å uttrykke våre meiningar. Dette kjem ikkje berre til å ha effekt på oss, men også dei kulla som kjem etter oss.

Arbeidslivet seier «Vi treng at unge flytter tilbake til bygda», men så blir dei linjene vi treng til å starte vår utdanning her tatt vekk. Det er her vi bygger relasjonane våre og det er her vi bygger grunnlaget for korleis livet vårt vil sjå ut. Å ta vekk desse linjene vil derfor ikkje berre påverke oss, men framtida for næringslivet. Vi kan ikkje la dette skje. Om ikkje for oss, så sei nei for framtida av Måløy.

Det er mange argument for å behalde desse studietilboda. Eitt av dei er at vi treng arbeidskraft i Måløy. Næringslivet i Måløy er avhengig av lærlingar, som dei får mange av gjennom TAF/YSK, og unge menneske som jobbar. Om ein må bruke store delar av dagen på ein buss, og prioritere skulearbeid når ein kjem heim, er det veldig få som har nok tid til å ta seg ein jobb i tillegg.

Dette kan påverke samfunnet på en negativ måte, på lik måte med ungdommen sitt privatliv. Fritidsaktivitetar som treningssenter, korps, fotball, turn, cheerleading, skyting, klatring og taekwondo vil bli vanskelegare å oppretthalde når ein større del av deira brukarar vil bli tvungne til å flytte vekk eller pendle. Då vil det etter kvart også ut over tilbodet til dei kommande generasjonane.

Når ein legg ned studielinjene, blir det også mindre moglegheiter for dei som bur her.

Skulen blir ein rein yrkesfagleg skule, noko som igjen skadar næringslivet. Det at næringslivet blir skada gjer at heile lokalsamfunnet blir skada også. Ein kan for eksempel sjå på arbeidarane i butikkar. Der er det i alle fall éin ungdom i kvar butikk, ofte fleire. Så når halve bygda bur på hybel, kva skjer då med bedriftene?

På grunn av at fleire må flytte andre stadar blir det fortare mangel på hybel der dei kjem. Det er dyrt og det er ikkje alle som har økonomien til å betale for å bu vekke. Sjølv om ein får stipend, blir hybel framleis dyrare og dyrare. 60 nye studieelevar kvart år skal ha hybel å bu på, og kjem det til å gå?

Mange av dei som kjem etter oss vil måtte reise i tre til fire timar kvar dag for å gå på skulen, og andre vil måtte flytte heimanfrå i en alder av 15-16 år, sjølv om dei ikkje er klare til dette. Ein av dei viktigaste faktorane for trivsel og læring er tryggleik. Då betyr det så mykje for ungdommar å ha ein skule som er i eit nært, trygt og kjent miljø.

Ut frå dei erfaringane vi i 1STA har gjort som elevar på Måløy vidaregåande skule, har vi fått føle på kva det betyr med eit trygt og godt skule- og klassemiljø.

Slik unner vi alle andre ungdommar å ha det òg!