Stad pensjonistlag sin tur til Lodalen 3. juni 2022

Vi var 43 personar, inkludert den flinke sjåføren vår, Roy Henning Runderreim, som tok laust frå Leikanger 3. juni kl 08.30. Leiar i laget, Anne- Karene Vederhus, hadde planlagt ein flott tur frå begynnelse til slutt.

På bussen innover fjorden blei det både ord for dagen og mandolinakkompagnement av henne!

Leiv Arne Bødal var guide på turen. Han hadde svært mykje interessant å fortelle både undervegs i bussen, og seinare i Lodalen. Det som gjorde guidinga svært spesiell og uforgløymeleg, var nok at han knytte historiene og hendingane opp til folk og stadar han kjende. Det at hans eigen far overlevde Lodalsulukka i 1936, gjorde at alt kom svært nær.

Leiv Arne Bødal var guide og fortalde om Lodalsulukka der hans eigen far var blant dei som klarte seg. Foto: privat

Ved byrjinga av Lodalsvatnet, gjekk vi ombord i turistbåten MS Kjenndal. Her fekk vi sjå dalen frå eit anna perspektiv, også her med god og spanande forteljarkunst av Bødal.

På Kjenndalsstova fekk vi deilig lunsj før turen gjekk med buss inst i dalen. På returen hadde vi eit lengre stopp ved minnetavlene over dei omkomne ved begge ulukkene i Lodalen, både frå 1905 og 1936.

På Sande camping fekk vi sosekjøt og heimelaga karamellpudding. Eit nydeleg måltid. Under kaffien viste Bødal bilde frå Lodalsulukkene, og på denne måten blei det heile endå meir visualisert. Nede i Loen fekk vi ei omvising og orientering i kyrkja av Jens Hogrenning. Ei vakker kyrkje med ei interessant historie.

Sola prøvde å trenge gjennom skyer og skodde, og sjølv om det ikkje blei solskin, hadde vi stort sett opphaldsver.

Då vi nærma oss Leikong att, takka Anne-Karene for turen med gode ord og eit vakkert dikt.

Alt i alt ein flott dag med mange inntrykk.