Torsdag opnar portane for Malakoff Rockfestival 2022. Den første skikkelege Malakoff-festivalen sidan 2019. Det er mange som gler seg, og kanskje han som gler seg aller mest er festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

– Det kriblar i magen, eg gler meg som ein liten unge. Eg har verkeleg sakna dette så djupt. Og dette er første året vårt med tre heilt fulle dagar.

Festivalsjefen tykkjer det aller kjekkaste med førebuingane til festivalen er samarbeidet.

– Eg får jobbe saman med så mange utruleg kjekke folk, og no som vi ikkje har jobba saman på ei god stund er det ekstra artig å sjå kvarandre igjen. Eg har sakna det.

Det har blitt lagt ned eit stort arbeid med klargjering til festivalen:

God planlegging er viktig når ein skal bygge opp festivalscenene. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Alle er med og tek eit tak for Malakoff Rockfestival. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Løparen er lagt ut og klar til torsdag. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Pynta til festival. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Mellom slaga blir det tid til litt bordtennis. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Amfiscena må byggast frå grunnen av. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Godt humør og god stemning er noko av det som gjer dugnaden så kjekk. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Det er også mykje som skal dragast på plass før festivalen. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Knut Tore Nes Hjelle i Eid bondelag er i førarsetet for rigginga av scenene. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Kyndige taukastarar stiller opp når det skal lagast til festival. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Bygging av hovudscena. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Teltplassane må merkast nøyaktig slik at ein unngår nabokrangel på festivalcampen. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Gjerda må festast på skikkeleg vis. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Utsikt frå hovudscena. Foto: Sigve Brochmann Rasmussen