Resultat: ein serie på sju episodar på fjt.no i tillegg til ein livekonsert arrangert av Måløydagene 2023.

– Det har verkeleg engasjert. Fleire har fortalt oss at dei har hatt gjettekonkurransar på jobb og diskusjonen har gått rundt middagsbordet og andre stadar. Det er veldig kjekt, seier redaktør Håvar Fagerli.

For å gjere det til eit eige konsept, som ikkje var eit lokalt Maskorama, utvikla Fjordenes Tidende ideen vidare til ein serie med andre aktørar enn berre kostymeartistane.

For eksempel blei kostymeansvarleg Selena Sekse spurt om ho ville vere med i episodane.

Selena Sekse har vore kostymeansvarleg i Måløydagene sin maskedrama-komité. Ho fekk også ei rolle i Fjordenes Tidende sin serie om dramaet. Foto: Kjellrun Åsebø

– «Cringe å sjå meg sjølv»

Maskedrama-komiteen til Måløydagene hadde starta jobben med å få tak i artistane, eit band og politieskorte til sendingar frå øvekvelden. Sekse som hadde ansvaret for å skaffe kostymer seier gjengen i komiteen for liveshowet er herleg og at det har vore mykje latter på møta.

Ho fortel at responsen har vore enorm etter at ho dukka opp i episodane.

– Folk hukar tak i meg på Rema for å dele sine teoriar om kven som er bak maskene, seier ho.

– Eg skal ærleg innrømme at det er litt «cringe» å sjå seg sjølv på skjermen. I alle fall når eg presenterer meg som singel og desperat Eurovision-fan. Men det er trass alt ikkje alle som får si eiga kontaktannonse i Fjordenes Tidende! Kanskje det blir ein date eller to på meg?, ler ho.

Frode Helgestad som i utgangspunktet var hyra inn for å øve med tre av artistane, enda også opp i serien.

– Det har vore ei fantastisk oppleving å få jobbe litt med folk som ikkje har stått åleine på scena før. Då eg gjekk på byen etter at episoden eg var med i blei vist, er det tydeleg at det har vore store diskusjonar i dei forskjellige heimane. Folk veit at dei ikkje kan spørje meg, men likevel prøver dei å fiske etter kven det er. Det er veldig kjekt, seier Helgestad.

Atle Oen, Thomas Hals, Leif Telvik og Ole Telvik er med på moroa. Foto: Kjellrun Åsebø

Roadtrip for maskeshow

Bandet Cool Valley All Star Band frå Kjølsdalen visste ikkje heilt kva dei gjekk til då dei takka ja til eit oppdrag litt utanom det vanlege. Men dei hadde det veldig kjekt. Bandet som består av Atle Oen, Thomas Hals, Ole Telvik og Leif Telvik gler seg til livekonserten.

– Det blir kanonbra, seier Ole Telvik.

Håkon Kongshaug har rolla som overbevisande programleiar i serien og losar sjåarane gjennom spor og songar.

Håkon Kongshaug les seg opp på manus før innspeling. Denne episoden kunne lett ha blitt Måløy måsedrama. Foto: Kjellrun Åsebø

Frå idé til sju episodar og eit liveshow

– På det første møtet mitt med Tungevåg fekk eg vite at komiteen hadde skaffa eit band til denne øvingskvelden og SoundLight til lyd og lys. Selena Sekse i komiteen skulle fikse kostymer til artistane og Frode Helgestad skulle øve litt meir med dei artistane som ønskte det på ein annan dag enn øvingskvelden, seier prosjektleiar Kjellrun Åsebø.

– Bestemte oss for å lage ein serie

– Prosjektgruppa i redaksjonen tok tak i ideen og tenkte først tre sendinger der artistane blei ført til øvingslokalet og scener og song frå øvingskvelden, seier Fagerli og legg til:

– Men så bestemte vi oss for å bygge det ut til ein serie sidan vi også måtte planlegge oss bort frå Maskorama-konseptet.

Første episode tar utgangspunkt i ideen til Tungevåg om dei første artistane som blir førte til øvingslokalet. Komite-medlemmar stilte som bodyguards og sjåførar. Kostymeansvarleg og politiet var også med.

– Men vi ville ha med fleire lokale skodespelarar og fekk også med nokre tøffe barn og foreldre i første episode. Og nettopp det har vore ideen vår gjennom resten av episodane vi har planlagt: å bruke fleire lokale personar og å gjere aktørane rundt artistane til ein like stor del av serien, seier Åsebø.

– Folk er så sporty og positive

Åsebø spurde derfor først både Helgestad og Sekse om å få filme dei også, og så balla det på seg.

– Vi har dermed planlagt, regissert og skrive manus for episodar som bryt heilt med Maskorama-konseptet. Vi enda opp med å blande ulike konsept med Fjordenes Tidende sitt eige og vi har blanda fiksjon og verkelegheit, forklarer Fagerli.

– Folk er så positive og sporty. Og eg trur dei fleste har hatt det morosamt under innspelinga, seier Åsebø.

Dette bildet er frå episode 6 der Anne Grethe Strand har ei av rollene. Foto: Bjørn Erik Åsebø

Fem sjåarar vinn premie

– I tillegg til å finne ut kven vi ville ha med i kvar episode, planlegge dei og lage sjølve regien på episodane, har vi jobba fram to hint som blir gitt for kvar artist. Vi bestemte i tillegg at fem lesarar skal vinne ein premie viss dei gjettar rett, seier Bjørn Erik Drabløs.

– Måløydagene-komiteen hadde lyst å kåre ein folkefavoritt under liveshowet. Vi har funne ein måte å hjelpe dei med dette, på fjt.no, slik at denne kan bli annonsert under liveshowet, seier Åsebø.

Sjølve liveshowet 11. juni er det Måløydagene 2023 som arrangerer og har regi på. Fjordenes Tidende si rolle her er å streame showet direkte.

I avslutningsepisoden møtast fem fans av Måløy maskedrama for å sjå gjennom opptrendenane til alle dei fem artistane. Foto: Kjellrun Åsebø