Bertrand har nettopp reist og det er eit tomrom i sofaen i Fjordenes Tidende der han bruker å kvile mellom turane.

Ein kan sjå eit lite merke der den grå nissebuksa har sitte i 24 dagar.

Det var ein trist avskjed søndag ettermiddag.

– Hadet alle saman! Eg kjem ikkje til å gløyme dykk, plassane eg har besøkt, folka eg har møtt eller alle dei fine kommentarane, smiler Bertrand.

No gler han seg til å sjå korleis jobben har vore gjort heime utan han.

– Det er ikkje berre berre å ta permisjon utan lønn. Men eg stolar på at dei heime har klart jobben perfekt.

I 24 dagar har Bertrand reist rundt i dekningsområdet til Fjordenes Tidende, men bil, hurtigbåt, drosje, buss, ferje og balje.

Han har vore med på juleleikar og -tradisjonar i Fjordenes Tidende som pakkeleik og julebord. Han vore med på to kommunestyremøte, med i redaksjonsmøte og han har fått vore på fjellet, stranda og ved kysten.

– Kva meir kan ein ønske seg enn det har fått oppleve? Tusen takk, ropar han til gjengen i Fjordenes Tidende som vinkar hadet i døra.

–Har de vore ålreite dyr i år, spurde Bertrand sauane i Refvik. Foto: Kjellrun Åsebø
Før han tok seg ei økt på stranda. Foto: Kjellrun Åsebø
Med ein liten båttur med Rudolf. Foto: Kjellrun Åsebø
Og litt soling. Foto: Kjellrun Åsebø
Å reise med hurtigbåten frå Måløy til Florø var ei oppleving. Foto: Kjellrun Åsebø
Det same var kommunestyremøtet. – Eg kvilte meg i sekken, men tok ein tur ut og kikka i pausen, sa Bertrand. Foto: Kjellrun Åsebø
– Endå eit kult fjøs i Refvik. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg må vurdere å komme tilbake til området ein sommar. Foto: Kjellrun Åsebø
På kommunestyremøte i Bremanger der Bertrand fekk sitte ved sidan av varaordføraren som var ordførar for anledinga. Foto: Kjellrun Åsebø
– For ein idyllisk plass, sa Bertrand då han kom til Hessevik på Bryggja. Foto: Louise Nygaard
– Dei tøffaste fjøsane er i Refvik! Foto: Kjellrun Åsebø
– Og for eit jule-lysshow i Svelgen. Foto: Kjellrun Åsebø
Bertrand elskar å køyre bil og synge julesongar.
Bertrand tar ein kvil i vegkanten. Nokre blei bekymra for om han låg trygt, men det var i helga og heilt utanfor vegbana. Heldigvis. Foto: Kjellrun Åsebø
– Street art på Tennebø var kult. Foto: Kjellrun Åsebø
– Det er nødvendig å kvile litt når ein har eit tett løp, sa Bertrand. Foto: Kjellrun Åsebø
– Kan eg ikkje få gå opp i styrhuset, då? Please!, sa Bertrand då han kom om om bord i ferja på Oldeide. Han fekk lov. Foto: Gjert Myrestrand
– Tenk at eg fekk vere co-kaptein saman med Charles Blålid! Foto: Gjert Myrestrand
Her er Bertrand på veg frå Oldeide til Måløy etter ein bremangertur. Han syntes det var mange fine skjermar, nydeleg utsikt og tøffe duppedittar i styrehuset på ferja. Foto: Gjert Myrestrand
Bertrand syntest det var kjekt å få besøke styrehuset på M/F Hornelen. Foto: Gjert Myrestrand
Juletreet framfor Spar-butikken i Kalvåg var noko av det finaste Bertrand såg på turane. Og så var det så behageleg å sitte i. Foto: Gjert Myrestrand
Bertrand trefte ei nissemor på Knutholmen i Kalvåg. – Det var god julestemning mellom oss, og det fekk meg til å sakne gjengen heime, sa Bertrand med eit smil. Foto: Gjert Myrestrand
Bertrand tok ein tur på Spar-butikken på Hauge i Bremanger for å kjøpe ei julestjerne til nissemora som var så hyggeleg å vise han rundt i Kalvåg. Foto: Gjert Myrestrand
Bertrand var innom Farmen i Iglandsvik. Der trefte han ein slektning frå Sør-Norge som han ikkje hadde sett på lenge. Foto: Gjert Myrestrand
Bertrand syntest at det store ankeret på kaia på Iglandsvik var tøft. Foto: Gjert Myrestrand
Bertrand fekk komme innom grendehuset Dalheim i Dalen i Bremanger. Der var ein dugnadsgjeng i full gang med å lage eit påbygg. Foto: Gjert Myrestrand
Det blei for mykje julebrus for Bertrand i Bremanger. På ferjekaia på Oldeide på veg tilbake måtte han på toalettet. Foto: Gjert Myrestrand
Det var skikkeleg kult å vere i Stadlandet skatepark. Foto: Louise Nygaard
Bertrand prøvde alle rampene. – Men det gjer meg ikkje til ein rampenisse, lo han. Foto: Louise Nygaard
– Joohoo, eg kunne ha vore her i fleire timar til. Foto: Louise Nygaard
– Ja, eg er litt for glad i brus. Sluttar 1. januar! Foto: Svanhild Breidalen
– Det var så mange som tok bilde av meg saman med St Sunniva i Selje, sa Bertrand. Foto: Louise Nygaard
– Her luktar det jul, sa Bertrand då han besøkte Naustdal. Foto: Kjellrun Åsebø
Og for eit vinterlandskap som møtte han i Hjelmelandsdalen. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg forstår godt at Harpefossen er ein populær plass! Foto: Kjellrun Åsebø
– Og denne vegen her med Espe bru var jo superidyllisk!
– Men hallo, Sagaparken var jo gøy til og med på vinteren. Sjølv om eg gjekk i bakken nokre gongar. Foto: Kjellrun Åsebø
– og kven skulle tru at eg fann jule-hjul på Stårheim? Foto: Kjellrun Åsebø
– Dei hadde dei rette fargane. Foto: Kjellrun Åsebø
– Men eg har ein lei tendens til å rote med ned i eller oppi ting. Foto: Kjellrun Åsebø
Fjt-nissen er ganske så interessert i lokalfotball, og fekk lyst å spele litt på bana på Stårheim. Foto: Kjellrun Åsebø
Midthjell var ein plass for seg sjølv. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg følte meg som iskongen, sa Bertrand. Foto: Kjellrun Åsebø
– Og Kjølsdalen då. Fargane og barnelatteren frå skulen var ein perfekt kombinasjon. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg har forstått det er ei levande bygd. Og det stod også på den tingen eg klarta opp i. Foto: Kjellrun Åsebø
– Her er eg på Nordjordeid. På Eksersisplassen. Foto: Kjellrun Åsebø
– Her følte eg meg så heime at eg måtte hogge ned eit grantre. Foto: Kjellrun Åsebø
– Frå brannhydranten hadde eg full kontroll. Foto: Kjellrun Åsebø
– Heilt til eg rota meg ned i eit røyr. Foto: Kjellrun Åsebø
– Og så måtte eg tilbake til Sagaparken. Opps... beklager bakenden. Foto: Kjelrun Åsebø
– J for julenisse! Foto: Kjellrun Åsebø
– Fj N for Fjordenes-nisse! Foto: Kjellrun åsebø
Ved egenbetjent betalingsautomat på Oldeide-ferja. Foto: Gjert Myrestrand
– R for julekalender-reisa mi, ler Bertrand rett før han datt i bakken igjen. Foto: Kjellrun Åsebø
– Og o’en var god å kvile i også. Foto: Kjellrun Åsebø
– Grotlesanden er ei perle, seier Bertrand. Foto: Gjert Myrestrand
Betrand har sett mange reinsdyr på sin veg, men aldri lama. – Dit skal eg neste år! Foto: Bertrand sin ven
Bertrand hadde gledd seg sånn til å sjå utsikta frå Kvilehytta. Men der var det skodde! Foto: Bertrand sin ven
Her fann Bertrand verkeleg roa, i juletreskogen på Åheim. Foto: Bertrand sin ven
Nokon gongar får ein kvist i nasen ... Foto: Bertrand sin ven
Og andre gongar går det greitt ... Foto: Bertrand sin ven
– Her har eg klart å klure det til igjen... Foto: Louise Nygaard
– I Holvik, bak busstoppet ved Brunnpris, passa det godt med ein kaffi. Foto: Louise Nygaard
– Vågsvåg, altså! Og den grøne dinosauren.... Foto: Louise Nygaard
– Her er eg på Oppedalsvegen, ved sjøbudene framfor Holmen. Bak på andre siden ser du Færestrandvegen, seier Bertrand. Foto: Louise Nygaard
– Her er Oppedal i bakgrunnen, seier han. Foto: Louise Nygaard
– Eg pynta litt ved Kannesteinen. Sjølv om den er jo pynt i seg sjølv, seier han. Foto: Louise Nygaard
– Det var verkeleg flott å ta ein pause ved Kannesteinen også. Foto: Louise Nygaard
– På Vågsberget sette eg meg ned for å skrive ei liste over alle plassane eg hadde vore. Foto: Louise Nygaard
Kjærlighetsstien i Måløy fekk Bertrand til å lengte heim. Foto: Louise Nygaard
– For nokre kjekke geiter på Flatraket. Dei var skikkeleg pratsalige og tullete. Foto: Louise Nygaard

På julaftan klokka 18 var det over 220 som hadde kommentert på FB, sendt epost eller melding via Fjordenes Tidende sin Instagram.

Det var mange som gjetta rett. Bertrand var på Flatraket julaftan. May Kristin Seljenes er heldig og får ei lita Fjt-juleoverrasking i posten. Gratulerer!