– Vi såg oss opp på Måløy maskedrama søndag før episode 3 og sat saman med ungane og såg det. Og då begynte vi å tippe. Og eg elskar å vere detektiv! Eg kan fort sitte nokre timar å leite etter spor og eg gir meg ikkje før eg er i mål, seier Olaf Barmen frå Måløy og legg til:

– Så det er livsfarleg for meg å få slike hint, ler han.

– Måtte stalke henne litt på Facebook

Søndag begynte han derfor å jakte på kven Bjørnekongen er med bakgrunn i det han såg , høyrde og fekk av spor.

– Bjørnekongen er nokon mange har eit forhold til og då tenkte eg blant anna på varaordføraren, Sidsel Kongsvik. Bjørnekongen skal også ha ridd på ein dromedar i Afrika. OK, då får eg stalke henne litt på Facebook, tenkte eg. Og jammen det fann eg eit bilde, smiler Barmen.

Barmen synest det er kjekt at Måløy maskedrama engasjerer og ikkje minst at nokon har stilt opp som artistar.

– Det er veldig tøft gjort!

Barmen er ikkje den einaste som har tippa at det er Kongsvik som skjuler seg i kostymet.

Varaordføraren sjølv smiler då ho får vite at sjåarar har tippa henne som Bjørnekongen.

– Eg har ikkje fått sett episodane enno, men eg skal sjå dei. Og det er jo veldig hyggeleg at folk tenker på meg, seier ho hemmelegheitsfullt.

På jakt etter spor meiner fleire sjåarar at det kan vere enten Sidsel Kongsvik eller Julianne Flølo som skjuler seg inne i Bjørnekongen-kostymet. Foto: Skjemdump / Kjellrun Åsebø

Dette er fire av dei som sjåarane har mest tru på er Bjørnekongen:

1. Sidsel Kongsvik

2. Elin Kråkenes

3. Julianne Flølo

4. Daniel Henden Haugen

Redaksjonen får også mange meldingar frå folk som er engasjerte og tippar på kven som er i kostyma. Foto: Skjermdump messenger

Også på messenger kjem forslag inn til redaksjonen.

– Eg trur Bjørnekongen er Julianne Flølo. Mange har eit forhold til ho, og ganske sikker på at ho liker å ri dromedarar i Afrika, skreiv ein sjåar til avisa etter episode 3 og livestudiet med Bjørnekongen søndag kveld.

Dette er Bjørnekongen. Foto: Kjellrun Åsebø

Når det gjeld Den sorte enke er dette topp fire:

1. Helge Mork

2. Joachim Seljen

3. Frank Willy Djuvik

4. Sigbjørn Hals

Dette er Den sorte enke Foto: Bjørn Erik Drabløs

Her kan du gjette kven som er i kostymene: