– Det heile starta med jonsokbrudefølge som kom sjøvegen til trekkspelmusikk. Så var det grilling og prat før det store jonsokbålet vart kveikt. Mykje folk samla og veldig triveleg, fortel Hilde Myklebust.

Jonsokbrudefølget kom sjøvegen. Foto: Hilde Myklebust
Følget vart akkompagnert av trekkspelmusikk. Foto: Hilde Myklebust

Det var Ålfoten Liv og lyst som stod bak feiringa i bygda.

Om du vil sende oss dine bilete frå jonsokaftan kan du sende dei på e-post til fjt@fjt.no eller tagge oss med #fjtno på Instagram.

Mange møtte fram for feiring i Ålfoten. Foto: Hilde Myklebust
Ålfoten Liv og lyst stod bak arrangementet. Foto: Hilde Myklebust
Det var eit stort bål i Ålfoten. Foto: Hilde Myklebust