– Eg er veldig nervøs, seier Ellen Kine Helgesen ei lita stund før konserten.

Ho er nest yngst av dei åtte Helgesen-søskena.

– Vi gler oss til å stå på scena for å vise kva vi har øvd på den siste tida, seier den nest eldste av søskena, Christine Helgesen.

Laurdag hadde Helgesenkoret to konsertar etter kvarandre.

– For å gjere det enklare for oss sjølve har vi begge konsertane rett etter kvarandre, seier Christine.

Kvar einaste førjul dei siste elleve åra har familien arrangert julekonsert. Til saman er dei 25, pluss alle borna.

Medlemmene i Helgesenkoret er søskena i familien Helgesen og andre som er gifta inn. Kvar desember står dei med familie og venner på scena.

Planlegg i eit år

Men for at konsertane skal bli noko av, må det planleggast.

– Eg har allereie starta å planlegge neste konsert, seier Line Dybedal.

Line Dybedal på plass med siste førebuinga rett før konserten startar. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

For at alt skal gå opp har dei starta eigen komite som planlegg konsertane. Og Dybedal har ikkje oversikt over kor mykje tid ho brukar på planlegging og organisering.

Komiteen startar opp i januar og planlegg eit heilt år før neste konsert skal visast fram for publikum. Fellesøvingane byrjar allereie i september.

– I år vil vi prøve å vise litt meir av oss sjølve. Før har vi vore litt høgtidlege, men på øvingar er det ofte mykje tull, og det vil vi prøve å få fram på konserten vår i år, seier Dybedal.

Før konserten fylte familien garderoben med liv og røre Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Berre minutt før konserten skal starte er det mykje folk bak scena, i garderoben og i gangane. Den store flokken gjer seg klare for årets konsert.

– Vi er klare, men eg er litt usikker på om absolutt alt sit slik det skal, seier Christine litt nervøst.

Før første tone lyder fyller samfunnshallen seg opp av spente folk. Det tar ikkje lang tid før heile salen er heilt full og alle ventar i spenning på at konserten skal starte.

Helgesenkoret imponerte med fleire nummer. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
F.v. Johanne Helgesen Rutledal, Helga Helgesen Rutledal, Klara Helgesen Rutledal. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Hans Christian Helgesen med koret bak. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Hans Christian Helgesen og Johannes Bergheim-Helgesen fekk publikum til å le godt då dei spelte mor og misfornøgd son. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Gustav Sætren, Johannes Bergheim-Helgesen og Olav Sætren var ikkje redde for å vise seg fram, og køyrde på med dans og song. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Maria Vengen og Maria Helgesen i glitter med Helgesenkoret klare for skitur. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Ellen Kine Helgesen song solo på eit av dei aller fyrste nummera. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Melodiar frå Jul i Blåfjell var med. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
I år ville gjengen vise meir av si tøysete side, og der sparte dei på lite. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Plutseleg dukka Jon Blund opp. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
På scena med rekvisittar. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Alle var med på å synge. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Line Dybedal hadde full kontroll, spelte piano og dirigerte koret. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Eit av dei fyrste nummera. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Søskena Maria Helgesen og Hans Christian Helgesen showa litt ekstra med cowboyhattar. Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Siste nummer av Helgesenkoret. Foto: Fride Audunsdotter Westvik