Vi har fått inn utruleg mange lesarbilde. Bilde som viser ulike typar feiringar på ulike stader i Kinn, Bremanger, Vanylven og Stad kommune.

– Vi er imponerte over alle som har sendt bilde til oss frå si 17. mai-feiring. Det gir oss sjansen til å vise fram svært mange flotte plassar i dekningsområdet vårt, seier redaktør Håvar Fagerli.

– Takk til alle

I tillegg til fleire journalistar og frilansarar som var på jobb på nasjonaldagen, har bilda frå lesarane gitt oss moglegheita til å vise mange fleire 17. mai-feiringar enn vi eigentleg hadde klart å rekke over.

– Fjordenes Tidende takkar derfor alle som har tatt seg tid til å sende bilde eller merke med #fjtno på Instagram, seier Fagerli.

Fjordenes Tidende har vist fram feiringar frå stadar som mellom anna Måløy, Raudeberg, Refvik, Kvalheim, Vågsvåg, Torskangerpoll, Deknepollen, Almenning, Husevågøy, Osmundsvåg, Hjertenes, Åheim, Nordfjordeid, Stårheim, Bryggja, Flatraket, Nordpollen, Leikanger, Ervik, Stadlandet, Barmen, Bremanger, Kalvåg, Svelgen og Ålfoten.

– Ein nydeleg 17. mai

I tillegg har vi fått inn skildringar av korleis folk har opplevd 17. mai i år. Dette er slik Einar Røyseth skildrar 17. mai-feiringa på Årsheim.

«I blikkstille vêr og med sol frå ein skyfri himmel vart det verkeleg ein festdag, både nasjonalt og lokalt. Etter flaggheising klokka 8 og oppmøte ved grendehuset noko seinare var det endeleg klart for feiring av dagen, etter to års opphald på grunn av koronaen. Mange utflytta bygdefolk hadde nytta dagen til ein heimtur til bygda igjen for å treffe slekt og vennar.

I mangel av hornmusikk hadde 17. mai-komiteen ordna med musikk av lokal variant. Aarsheim/Wold stilte med festpynta traktor og tilhengar med musikkanlegg oppi, så da var det berre for folket å følge på. Etter at toget kom tilbake til grendehuset vart nasjonalsongen spelt, som nok fekk mange til å tenke over at friheita ikkje berre er ein sjølvfølge, når ein ser og høyrer kva som går for seg i Ukraina. Etterpå vart det servert middag i ein svært så fint pynta festsal i grendehuset. Menyen bestod av en velsmakande betasuppe. Ute var det konkurransar for borna med kappløp og diverse leikar. Dei vaksne fekk prøve seg på pilkasting og skyting med luftgevær. Inne var det mogelegheit å få kjøpt seg kaffi og kaker, og praten gjekk livleg ved borda, akkurat som det var tidligare om åra.

Klokka 16 var det tid for dagens tale. I år hadde ein fått ein «av bygdas sønner» , Tobias Hansen , til å halde talen. Han tok for seg tida rundt 1814 og fram til i dag, både på godt og vondt, og reflekterte også litt over dagens bilde av Europa. Han mintest også dei som hadde gått bort siden sist vi feira 17. mai, og det vart til dels ei sterk emosjonell stund.

Vi skal ikkje rekne som så at det er ei sjølvfølge at ein alltid har dei nærmaste rundt seg, livet går sin gang og det må ein nok ta til følge. Etter talen var det forskjellige kulturelle innslag. Vi fikk blant anna ein opptreden av tre unge jenter, i kvar sin type bunad, som song av hjertens lyst nokre populære songar, til stor glede og applaus frå publikum. Det var eit flott innslag, så stå på videre jenter, dette kan de verkeleg.

Til slutt var det premieutdeling etter konkurransane for både store og små. Vi avslutta dagen med å synge kongesangen. Ein skikkelig hyllest til 17.mai-komiteen for ein svært hyggeleg feiring av nasjonaldagen. Det er akkurat slik dei fleste av oss vil ha det.»

Torskangerpoll musikklag spelte i folketoget på Raudeberg. Foto: privat
Speidarane på Raudeberg. Foto: privat
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Jenny heldt tale og la ned krans ved bautaen ved Nord-Vågsøy kyrkje. Foto: privat
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Kanonbra feiring i Nordpollen. Eige einmannskorps med høgtaler bakpå. Sykkelen er eldgammal men fortsatt funksjonibel. Foto: @steinosdal
Glimt frå 17.mai-feiringa på Raudeberg. Foto: Mette Flåten Refsnes
Toget i Ålfoten 17. mai. Foto: privat
17. mai stemning i Ålfoten. Foto: privat
Strålande sol skaper ei fin ramme for 17. mai. Foto: privat
Toget i Ålfoten 17. mai. Foto: privat
Toget i Ålfoten 17. mai. Foto: privat
17. mai var ein nydeleg dag. Foto: privat
17. mai utanfor Ålfottunet. Foto: privat
Kjekk dag for barna. Foto: privat
17. mai-arrangement i Ålfoten. Foto: privat
Speilblank 17. ami i Ålfoten. Foto: privat
Glimt frå nasjonaldagen i Ålfoten. Foto: privat
Glimt frå nasjonaldagen i Ålfoten. Foto: privat
Glimt frå 17. mai-feiring i Ervik og ytre Stadlandet. Foto: Jon Frogner

Leikar for vaksne og barn. Tog med traktorkorps frå Osmundsvåg til skulehuset ved Ulvesund fyr. Foto: privat
Tog med traktorkorps frå Osmundsvåg til skulehuset ved Ulvesund fyr. Rømmegraut, kaker, kaffi og åresal ved skulehuset. Foto: privat
Tog med traktorkorps frå Osmundsvåg til skulehuset ved Ulvesund fyr. Foto: privat
Rømmegraut, kaker, kaffi og åresal ved skulehuset. Foto: privat
Traktor i rett farge for 17.mai-feiring. Foto: privat
Tog med traktorkorps frå Osmundsvåg til skulehuset ved Ulvesund fyr. Foto: privat
Glimt frå feiringa på Flatraket. Foto: Bjørn Roger Rasmussen
Glimt frå feiringa på Flatraket. Foto: Bjørn Roger Rasmussen
Glimt frå feiringa på Flatraket. Foto: Bjørn Roger Rasmussen
Tunga rett i munnen når ein skal delta i 17. mai-leikane. Bremanger. Foto: @lizcth
17. m ai Foto: @bardingeflode
Tog med traktorkorps frå Osmundsvåg til skulehuset ved Ulvesund fyr. Leikar for barn og vaksne. Foto: privat
Tog med traktorkorps frå Osmundsvåg til skulehuset ved Ulvesund fyr. Foto: privat
Nyt dagen. Foto: Thomas Hagen
Oversiktsbilde av torget i Måløy. Foto: Thomas Hagen
17. mai-feiring på Åheim. Foto: Else Hole
17. mai-feiring på Åheim. Foto: Else Hole
17. mai-pynting. Foto: Mette Flåten Refsnes
Fagert er landet. Foto: Trude F. Kvamme
Dessert i sjøbua i dag, og fantastisk vêr og hipp hipp hurra for 17. mai. Foto: @helene­_hunskar
Tradisjonell champis-frukost på Øykeskjersholten i fantastisk mai-vêr med gode vennar. Foto: @janarneholm
Tradisjonell champis-frukost på Øykeskjersholten i fantastisk mai-vêr med gode vennar. Foto: @janarneholm
Med på feiringa. Foto: @janarneholm
Vi hadde ein flott dag. Foto: @alexisannemorken
Takknemleg for denne gode og fredelege plassen vi bur på. Foto: @alexisannemorken
Fin avslutning på 17. mai. Foto: @livhildegotteberg
Gratulerer med dagen. Foto: @igrotle
17. mai-feiring på fjellet med bobler i sekken. Foto: @elithelen
Gratulerer med dagen. Kalvåg skulemusikk. Foto: @froyenmonica
Ein flott 17. mai i stråalande solskinn. Foto: @iselin_endal
Ein flott 17. mai i stråalande solskinn. Foto: @iselin_endal
Up in the mountains and Down by the sea, that's where you'll find me. Foto: @kjellrunbortne
Fantastisk flott 17. mai i Vågsvåg. Foto: @veerayab
Fantastisk avslutning på nasjonaldagen. Foto: @camchru
Ein fantastisk dag er over. Foto: @solveigsvoreaaland
Ein nydeleg 16.mai-kveld glir over til 17. mai. Eg slit med å komme meg i seng for kven vil vel gje slepp på slike kveldar og netter? Foto: @chaeks26
Tradisjonell 17. mai med tog og is. Foto: @kataardal
17. mai-kos. Foto: @kataardal
Tradisjonell 17. mai med tog og is. Foto: @kataardal
radisjonell 17. mai med tog og is. Stårheim. Foto: @kataardal