– Det blei ein flott marknadsdag med fiskekonkurranse, aktivitetsløype, hesteskokasting, loddsal, tippekonkurransar, traktorbane, ballslepp og pilkasting, fortel Bjarte Myklebust.

I tillegg hadde dei politiske partia stand.

– Det var perfekt marknadsvêr, mykje folk og god stemning. Med andre ord ein svært vellukka Ålfotmarknad, seier Myklebust.

Det blir ikkje ordentleg marknadsdag utan fiskekonkurranse. Foto: privat
Det meste går føre seg i og rundt Ålfottunet. Foto: privat
Pilkast på blink stod på programmet. Foto: privat
Det same gjorde pilkast på ballong. Foto: privat
Ballsleppet er alltid kjekt å sjå på. Foto: privat
Inne er det servering og kafe. Foto: privat
Viktig å sikte godt med hesteskoen også. Foto: privat
Hesteskokasting er tradisjon. Foto: privat
Her må ein seie seg godt fornøgd med fangsten. Foto: privat
Det er ingenting å utsetje på fiskegleda her. Foto: privat
– Det var perfekt marknadsvêr, seier Bjarte Myklebust. Foto: privat