Det blir journalistane Bjørn Erik Drabløs og Kjellrun Åsebø som tar med seg litt utstyr i ryggsekken for sparke i gang sommaren på fjt.no i Selje.

– Dei kjem til å rigge seg til i paviljongen i parken og ta imot gjestar - og kanskje kjem det nokre gode råd og tips for sommaren også, seier Fagerli.

– Vi har lyst å snakke med ulike personar og kjenne litt på sommarpulsen i Selje sentrum. Det skal vere ganske fint vêr fredag, så vi håper ein del folk er ute og at mange ser på fjt.no uavhengig om dei er ute eller inne, smiler Åsebø.

Fjt.no kjem altså til å lage til eit lite studio i paviljongen i parken i Selje sentrum. Den første sendinga startar kl. 11.30 og den andre sendinga startar kl. 14.00.

Fagerli blir også med til Selje.

– Eg kjem til å vere med for å snakke med folk, hjelpe til dersom nokon har problem med å logge seg på nettsida vår eller hjelpe dei som har lyst til å nytte seg av knalltilbodet på abonnement der det no berre kostar 1 krone for fjt.no ut august, smiler Fagerli.

Sommarkampanje

Utover sommaren vil Fjordenes Tidende forhåpentlegvis dukke opp med sommarstudio også andre stadar.

– Ja, viss dette går bra, ler redaktøren.