Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sortland frå Raudeberg:

«Kaffi eller te?»

Tenk deg at du er invitert på ettermiddagsbesøk hos naboen. Det skjer ikkje ofte men no har det skjedd for andre gong på litt over eitt år. Verten står der i stova med kaffikanna i eine handa og tekanna i den andre. «Ønskjer du te eller kaffi?», spør verten og smiler lurt. Du tenkjer det er litt rart at han spør om dette. Sist gong du var på besøk kom det ganske tydeleg fram at du ikkje drikk kaffi så seint på dag sidan det øydelegg nattesøvnen din. Du svarar likevel med klår røyst, «te, takk». Verten smiler framleis lurt.

Verten lener seg lett framover og heller ein tynn stråle kaffi ned i koppen du for ein augneblink sidan ba om å få te i. Du ser kanskje på verten med ei litt overraska mine. Framleis er det lure smilet hos verten der. «Du lurer kanskje på kvifor du fekk kaffi når du ba om te?», spør han med ei roleg og behageleg røyst. Du kjenner hjartet slå hardare, ser på han og seier litt spørjande «...ja...?».

Verten set frå seg kannene, set seg ned i sofaen rett ovanfor deg og rører saman kaffi og fløyte med ei teskei i koppen sin. «No har det seg slik», seier han, «at her i huset er det eg som bestemmer. Eg vil ha kaffi og då skal du óg ha kaffi.»

Du veit ikkje heilt kva du skal seie. «Men kvifor spør du meg om eg vil ha kaffi eller te når du serverer meg kaffi uansett kva eg ønskjer?», halvvegs stotrar du. Verten svarar ikkje heilt med ein gong. «For det første...», seier verten framleis heilt roleg. «Sjølv om eg spør deg kva du ønskjer treng eg ikkje nødvendigvis servere deg det. Og for det andre syntes eg du var litt nølande då du svarte. Difor tenkte eg at kaffi var best for deg.»

Så sit du der hos naboen og pliktskuldig nippar i deg kaffien du veit vil ta nattesøvnen frå deg.

Eller gjer du forresten det? Reiser du deg istaden, går og aldri kjem på besøk hos naboen meir? Kva gjer du? Og kva tenkte eigentleg naboen på?