Dette lesarinnlegget er skrive av fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre.

Fylkesmannen si rolle i grensejusteringa for området Bryggja

Førre veke var det eit ordskifte i Fjordenes Tidende mellom redaktør Erling Wåge og Rolf Petter Vetvik om vegen fram mot etableringa av Kinn kommune, og følgjer av grensejusteringa på Bryggja. I Vetvik sitt innlegg 20. juni blir det hevda at

Dette er ikkje rett.

KMD vedtok, i samsvar med Fylkesmannen si tilråding, at Bryggja blir flytta til Stad kommune frå 01.01.2020. Inndelingslova er i slike saker klar på at det då skal gjennomførast eit økonomisk oppgjer mellom dei involverte kommunane, dersom dei sjølve ikkje finn det unødvendig. Målet er at kommunane blir samde om eit rimeleg oppgjer. Blir dei ikkje det, vil saka gå til ei skjønsnemnd for avgjerd. Regelverket inneheld også ein tryggingsventil om erstatning, dersom ein kommune blir vesentleg svekt økonomisk.

Dei involverte kommunane i overføringa av Bryggja har sett ned ei arbeidsgruppe og laga plan for arbeidet fram mot grensejusteringa, inkludert forhandlingar om det økonomiske oppgjeret.

Så nei, Fylkesmannen og Stortinget har ikkje gitt omsorgsplassar eller andre verdiar vederlagsfritt til Stad kommune.

Men ja, det er mange ting å ta stilling til i oppgjeret og overføringa av området – som det kan vere krevjande å finne svara på. Fylkesmannen har tiltru til at dei involverte kommunane kjem fram til fornuftige og framtidsretta løysingar til det beste for alle innbyggjarar - både i Kinn og Stad.