Dette lesarinnlegget er skrive av Jan Eide frå Kjølsdalen:

«Ope brev til kraftleverandør SFE»

Den 29.05.2018 sende SFE ut brev til sine kundar om innstallasjon av nye straummålarar. Det same har visst nok andre kraftselskap gjort. Kva som er løgn og kva som er sanning kan ein lure på.

Etter kvart har mange engasjert seg i dette - spesielt angåande stråling frå desse målarane. Mykje blir servert som sanning når ein trur at stortingsfolket godkjenner dette. I det siste har vi opplevd den eine fadesa etter den andre på avgjerdsler gjort av stortinget. Media har vore lite frampå, men på sosiale medier har motstanden berre auka for denne nye «utgiftssida» vi blir påførde.

Eg seier nei til denne måten å kome seg inn i mitt hus og min eigdom på.

Eg godtar ikkje fleire inngrep før kraftselskapet kan garantere:

1. At nettleiga ikkje blir høgre. Korleis dei vil dokumentere det er for meg ei gåte.

2. At det ikkje blir auka stråling og ansvar om det skulle bli påvist sjukdom som fylgje av dette.

3. Kontroll av målarar når det gjeld forbruk.

4. Kven skal betale for vedlikehald av utstyr eg ikkje eig.

5. Garanti for at ikkje kraftprisen blir enno meir utfordrande for oss som er anvhengig av straum. Eg reknar med at filosofien som ligg bak er meir forteneste og meir makt.

Eg vonar fleir enn underteikna vaknar og ser kva vi held på med. Det er ei skam å gje tidlegare aktørar som no har fått monopol og som veit å utnytte dette på sin måte.