Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende tysdag:

Det er brei semje om at det skal vere to politi per tusen innbyggjar. I Sogn og Fjordane er vi langt unna ei slik bemanning. Her er det berre 1,06 politifolk per 1.000 innbyggarar. Landssnittet er 1,71. Sett i lys av avstandar, fjordar og fjell, mange og lange tunnelar, rasutsette vegar og røffe klimatiske forhold er det svært urovekkande at talet på politi er så lågt her i fylket. Vi fryktar for tryggleiken til folk i Sogn og Fjordane.

Og vi blir aldeles ikkje rolegare når dei som er ansvarlege for organiseringa av det nye politiet her i fylket også er bekymra. No er Arne Johannessen, leiar for politieininga i Sogn og Fjordane som ligg under nye Vest politidistrikt, lei av at det ikkje har blitt meir pengar til tilsette. Han er lei av at politikarane skryt av at det er tilført nye stillingar i politiet. Dette har ikkje han sett noko av i Sogn og Fjordane. Han har ikkje hatt råd til å tilsetje nye politifolk. Han har vore nøydd til å flytte på tilsette internt i fylket. Johannesen innser at det ikkje er slik at kvart distrikt skal ha to politifolk per tusen. Men i dag er Sogn og Fjordane veldig langt bak denne målsettinga når det er rundt ein politi per 1.000 innbyggjarar. Han meiner det bør vere minimum 1,5 politi per 1.000.

Det er også urovekkande at opptaket til politihøgskulen blir redusert frå 720 til 550 studentar etter at revidert nasjonalbudsjett blei vedteke. Dette fortel oss at politikarane seier ein ting og gjer noko anna. Når politiet sjølve er fortvila over rammene dei arbeider under er det ikkje rart at mange av oss andre i fylket fryktar for tryggleiken. Det er bra at politileiinga i fylket har mot til å slå alarm. Vi håpar dei som styrer pengesekken og arbeidsforholda til politiet får dette med seg og ser alvoret, og legg til rette for at det kan vere eit like bra politi her i fylket som i resten av landet.