Per Gunnar Stensvaag har skrive dette lesarinnlegget:

«Look to Finnmark!»

I sin berømte Look to Norway-tale under 2. verdskrigen hylla president Franklin D. Roosevelt landet vårt for viljen til å kjempa for fridom og demokrati. Hadde han levd i dag og sett sentralmakta sine åtak på det lokale sjølstyre, ville han kan hende ikkje sett Noreg som like mykje av eit førebilete? På same vis som vi forventar at regjering og Storting hegnar om Grunnlova, skulle ein tru ein kommunalminister var faneberar kva gjeld å fylgja intensjonane i Formannskapslovene. Er det ikkje då ein skandale at dei to som har fylt denne statsrådsposten dei siste fem åra, ser ut til å måla eigen dugleik i antal avvikla regional- og lokaldemokratiske einingar? Dei vi i vår tid bør hylla, er difor dei som klarast reagerer mot denne paradoksale åtferda og nektar å godta overgrepa mot lokaldemokratiet. Det all grunn til å seia «Look to Finnmark».

Leiar- og kommentarartiklar, lesarinnlegg og reaksjonar for øvrig tyder på at fleire og fleire har oppdaga kor uryddige og mangelfulle prosessane har vore i forkant av samanslåingsvedtaka for fylka våre. Diverre er det flust med døme i kommunereforma kor det er minst like gale. Det vert til fulle dokumentert i boka «Nye Kristiansand - unnfanget ved voldtekt» som kom ut i mai i år. I den kler forfattar Are Eivind Brænne kliss naken den lille klikken av lokale folkevalde, Fylkesmannen og dåverande kommunalminister Sanner. Boka er ei skremmande soge om korleis den lokale folkeviljen vart fullstendig overkøyrd, Stortinget ført bak ljoset og vedtak om tvangssamenslåingar på Sørlandet beviseleg vart fatta etter skammeleg sakshandsaming, feilaktige opplysningar og på sviktande grunnlag

Fylkestinget i Troms vedtok 10/8 at dei ikkje vil fylgje styresmaktene sin oppmoding om å gjennomføra samanslåingsprosessen utan endå meir motviljuge Finnmark med på laget. Kall det gjerne sivil ulydnad frå dei to gjenstridige fylka! Hermed oppmodast fleire, både i fylke og kommunar, til å kjempa like modig som finnmarkingane mot å verta offer for ein særdeles uverdig prosess! Det tek til å gå opp for folk flest kva som gjekk føre seg under dei sokalla «Tvangsgutane» sitt møte på eit bakrom i Stortinget. Verre politisk hestehandel skal ein leita lenge etter. Gjennomføringane etterpå er ikkje stort betre. Om ikkje spelereglane har vorte endra undervegs, har dei like gjerne vorte brotne. Frå anerkjende røyster i det juridiske miljøet vert det også ropa varsko. Stortinget kan ha brote sine eigne lover då dei vedtok å slå saman våre to nordlegaste fylke. Både her og der er det altså all grunn til å stå på bremsane, ein funksjon som verkar å vera heilt fråverande hjå kommunalministeren og regjeringa forøvrig.

Med Monica Mæland i spissen vert det pressa på for å gjennomføra det knapt nokon eigentleg vil. Uansett kva reform det gjeld, verkar dei immune mot kritikk og strategien ser ut til å vera totalt å ignorera avsløringar som til dømes i Brænne sin ovannemnde bok. Kommunalministeren sitt nylege utspel om at samanslåingar er naudsynt for å få næringsutvikling i alle delar av landet, er særs lett å imøtegå. NORUT-rapporten tinga av hennar eige departement for tre år sidan konkluderte nemleg med det stikk motsette. DIFI-undersøkingane om kor nøgd folk er med offentlege tenester gjev dei heller ikkje medhald, for å seie det mildt, for deira evige strev etter færre og større einingar. På utallege oppmodingar har dei heller ikkje avslørt mysteriet om korleis grensefjerningar skal kunne løysa demografiske utfordringar med fleire gamle pr. yrkesaktiv. Forståeleg nok, men som politiske kvakksalvare held dei fram med å kverna på slike ytterst merkelege teoriar og argument som har fått grundig motprov gong på gong frå opposisjon, einskildpersonar så vel som tunge fagmiljø.

På toppen tronar Erna som om ho skulle vera ei uangripeleg dronning til evig tid. Om Mæland verkar upåvirkeleg av at det stormar ute i hennar område, er det statsministeren sjøl som har den tjukkaste teflonhuden. Ho har etter kvart utvikla det til ein kunst å vri seg unna kritikk av regjeringa sin politikk og åtferd til statsrådar . Uansett kor mykje det kokar rundt i landet, om ein i regjeringskollegiet eller ei enkeltsak, vik ho unna som eit vått såpestykke. Medan andre partileiarar har vorte hudfletta for ikkje å ha teke varsel alvorleg nok i Metoo-saker, slapp regjeringssjefen særs billeg unna for å liggja langt på etterskot i handteringa av slike hendingar i eige parti. Då varsel etter kvart også kom inn på ein av statsrådane, var det nok å seie at ho hadde teke ein prat med ho, så var den saka ute av verda. Mønsteret er det same etter Per Sandberg sine krumspring i det siste: ein samtale, ei fråsegn om at ho sjøl kan hende ville ha nytta andre ord og vipps; framleis full tillit er konstatert før han sjøl trakk seg som fiskeriminister.

Ansvarsfråskriving er også Monica Mælands metode. Ho peikar støtt til at Stortinget har vedteke samanslåingane, som om gjennomføringa er ei sur plikt ho er pålagt. Har ho verkeleg ikkje høve til å gå til Stortinget og visa til kor ekstremt upopulære og vonlause desse grepa er? Ho kan umogleg ha unngått å registrera stemninga anten det er i Finnmark, Ofoten eller på Sørlandet, og det er nok å få med eige parti så er det fleirtall for reversering.

Skal vi ha det slik her i landet at politiske ideologiar vert pressa gjennom med juks og fanteri og alskens triks i Ludo, og ikkje minst utan legitimitet i folket, både hjå dei som er direkte råka og ellers? Som Sandra Borch så treffande sa det: «Mæland gjør Troms og Finnmark til ei slagmark», men Roosevelt sine ord og oppmoding gjev von: «Om det er nokon som tvilar på demokratiet sin vilje til å vinna, så seier eg enno ein gong – Look to Norway!». Her heime anten det er i Vågsøy, på Sørlandet, i Ofoten eller andre stader utsett for tvang og prosessar ikkje ein rettsstat verdig, bør ordlyden no vera «Look to Finnmark!».