Lesarinnlegg:

«Eit pilegrimssenter for alle»

Stein Robert Osdal, ordførar i Selje kommune har skrive dette lesarinnlegget. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Meninger

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) har skrive dette lesarinnlegget:


«Eit pilegrimssenter for alle»

Det var både overraskande og skuffande å sjå varaordførar Jan Henrik Nygård i Flora sine uttaler til Fjordenes Tidende i samband med fellesnemnda for Kinn si sak om regionalt pilegrimssenter. 

«Stad sin søknad fokuserer meir på å få fram klosteret på Selja, mens søknaden frå Florø fokuserer på å få fram alle fem pilegrimsstadane, som er Kinn kyrkje, Seljeklosteret, Svanøy-krossen, Kvernsteinsenteret i Hyllestad og Gulating, sa Jan Henrik Nygård til Fjordenes Tidende etter møtet.»

Varaordførar Nygård var tilstades i Bergen og høyrde Stad-delegasjonen sin presentasjon av Selje og nye Stad kommune som mogleg vertskap for eit regionalt pilegrimssenter. Sjølvsagt handlar dette då også om den unike plassen Selja har i vår nasjonale historie og kvifor vi meiner Selja bør vere ein nøkkelstad langs Kystpilegrimsleia

Selja har som einaste stad mellom Bergen og Trondheim heilt frå middelalderen har vore eit viktig norsk pilegrimsmål. Selja har ein unik status som heimstad for eitt av dei tre fyrste bispesete i Norge - også kalla «staden der kyrkja i Norge vart fødd».  Dei historiske linene vart ytterlegare understreka av H.M Dronning Sonja sitt besøk til Selja i juli i fjor, der ho markerte opninga av Kystpilegrimsleia nettopp på Selja.

Vårt viktigaste bodskap i Bergen var likevel å vere tydelege på at vi støttar opp under satsinga på Kystpilegrimsleia. Selje og Stad vil vere med på å utvikle pilegrimsleia og pilegrimsstadane langs heile kysten, også nord for oss som St. Jetmundkyrkja i Vanylven. Kort fortalt er vi, på same måte som eg ikkje vil trekke i tvil at også Flora er, opptekne av å spele på lag med regionen og vere ei konstruktiv kraft i nye Vestland fylke. Av den grunn var det viktig å formidle vertskapsperspektivet under vår presentasjon i Bergen.

Eg synest det er flott at Flora har løfta arbeidet med pilegrimssatsinga. Eg trur Stad og Kinn kan få til eit godt og konstruktivt arbeid framover og i lag med dei andre nøkkelstadane på pilegrimsleia, slik at vi kan få løfta dette viktige utviklingsarbeidet for kysten.

I tida framover skal Selje/Stad legge fram korleis vi tenkjer å utvikle heile pilegrimsleia i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre - med Selje og nye Stad kommune som base. Det skal vi gjere utan å seie noko negativt om andre, men legge vekt på korleis vi kan spele andre gode. Eg vonar på ein redeleg lokaliseringsdebatt om dette, bygd påkorrekte opplysningar og gode faglege vurderingar (og ikkje avgjerder på Flora sin varaordførar sine noko ufullstendige munnlege referat frå møte han har vore på).