Lesarinnlegg:

«Kysten er bygd av pionérar- stem ungt, stem på politikarar med ambisjonar!»

Dette innlegget er skrive av Martin Hagen, Kvalheim. Foto: Rebekka Brobakke 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Martin Hagen, Kvalheim.

Kysten er bygd av pionérar- stem ungt, stem på politikarar med ambisjonar! 

Kysten er bygd av pionérar, den er bygd av folk som har trossa stormen, flytta hit og klora seg fast på et vakkert berg for å satse, modige folk som ser framover, utover, har ambisjonar for å skape noko og jobbar knallhard for å få det til. Mange i Vågsøy og Flora skarrar på r-en grunna tilflyttarar fra Bergen som kom hit for å satse på denne måten, for å bygge ei ny framtid. Vi har alltid hatt kontakt utover mot verden, vennskapsby i Shetland, fiskesalg, design, bygging og reperasjon båtar og teknologiløysingar til Europa, Asia, USA. Vi har i dag tilflyttarar fra heile verda- og litt for mange utflyttarar. 

Den nye kystkommunen vår skil seg faktisk ut som en av dei aller sterkaste næringslivskommunane på Nordvestlandet og i nye Vestland med solide plasseringar på Kommune NM på næringsvariasjon og næringsliv. Problemet for kysten er at vi har fram til no har mangla ei kommune som er like offensiv med ei framoverlent og tydeleg samfunnsutviklingsrolle, slik at vi også kan sikre folketalsvekst og effektivt næringsretta planarbeid.

Politikarar med ambisjonar for kysten har fått på plass ei ny båtrute som første steg for å tredoble arbeidsmarkedet i Vågsøy med over 6000 fra Flora og ytre Bremanger og sy kysten tettare saman. Dette vil betre rekrutteringa for bedriftene i Vågsøy og styrke tilbudet mot flyplassen i Florø. Politikarar med ambisjonar for kysten i Arbeiderpartiet og Venstre garanterer for at Svelgen-Indrehus skal få oppstartsmidlar i høst, der også Høgre, FRP og KRF arbeider hardt for å få det til. Politikarar med ambisjonar for kysten har jobba fram regionsenter-statusen for kysten og Florø i henhold til strategisk plan for Kysten. Ein har etablert Kystrådet med tettare samarbeid mellom alle kystkommunar i Sogn og Fjordane og Kinn er no med i eit stort europeisk samarbeid for satsinga på hydrogenbåtar med strekninga Florø-Måløy som pilot. Ein treng politikarar med ambisjonar for kysten!

Eg har vakse opp rundt forbilder med ambisjonar. Sindre Kvalheim har på imponerande vis innovert datalagrinsindustrien med Lefdal Mine, Endre Kvalheim har bygd opp miljø innan plast og komposittmateriale og saman med fleire løfta fram ideen om et marint forskningssenter i Vågsøy som no er under utvikling av Måløy Vekst. I kommuna elles ser ein innovasjonshubar både i Måløy og Florø, nye bedrifter og store utbyggingsplaner fleire stadar. Dette skjer ikkje utan ambisjonar og satsingsvilje.

Dei nye kystpionérane.

2019 starta med eit enormt energiboost. Eg var på eit møte i Måløy der eit titals bedrifter i alle størrelsar var samla for å diskutere om ein klarte det ambisiøse målet om å samle saman heile 45 mill kr i gave til eit svømmeanlegg vi har lengta etter i fleire tiår i Vågsøy. Dei jobba seg gjennom grundige planer med årets bygg i Norge, Ulstein Arena, som modell. Over 40 bedrifter i alle størrelsar var einige om at dette vil vere svært positivt for området og at det vil gi innbyggarane eit langt betre tilbod; for å få folk til å flytte hit, for bolyst, for folkehelsa i kommuna, for svømmetilbud til barna våre, for trening og rehabilitering i terapibasseng for sjuke og eldre, for starten på ei ny og nødvendig sentrumsutvikling i Måløy, for god (lovpålagt) svømmeopplæring og mykje meir. Skal bedriftene rekruttere riktig kompetanse, må folk ville flytte hit. På slutten av møtet vart alle einige om at “no har vi ti dagar på å skaffe 45 mill kr” og at alle måtte sette fart og samle styrene sine for å sjå om dette var mulig, “ring banksjefen, ring alle vi kjenner, dette skal vi klare!!”. 10 dagar seinare kan eg lese i avisa at Nordfjordbadet er fullfinansiert! 

Det er slike ting som får samfunnsutviklarar og fagfolk fra andre stadar til å ville komme hit for å sjå korleis ein bygger samfunnet i breide spleiselag. Dette er ikkje grunnlause håp og visjonar. Dette er ambisjonar med konkrete tiltak mot konkrete mål, eit kroneksempel på godt privat-offentleg samarbeid for å utvikle lokalsamfunnet vårt. 

Som om denne historia ikkje var utruleg nok, så skjedde det også noko fantastisk i Florø der utallige innbyggarar, frivillige lag og organisasjonar samla inn 35 mill kr på nokre få månadar, bankane støtta med heile 8 mill kr og Fjordbase spytta inn 10 mill kr siste veka for å få på plass ein ny fotballhall i byen. Vi er kanskje ikkje so ulike likevell? Vi bur i og ved to av dei mest framoverlente, tiltaksvillige byane i Sogn og Fjordane som no har finansiert opp 3 fantastiske anlegg med svømmetilbud, fullskala fotballhall og turnhall som vil gi svært gode fasilitetar for innbyggjarane! 

Plasseringa av svømmehallen kan i Måløy vere heilt avgjerande for ei god sentrumsutvikling og tilflytting. Når bassenget er plassert i sentrum gir det langt større synergiar. Tilreisande vil gjerne også ta seg en tur i gata og legge att pengar i butikkane og gjerne benytte seg det rike mattilbudet i byen når dei kjem reisande for å bade. For småbåthavna, campingen, Måløyraidsenteret og hotellene vil eit topp moderne svømmeanlegg i gangavstand gjere det langt meir attraktivt å besøke dei og skape muligheiter for gode pakketilbud og større aktivitet i sentrum. Det ligger sentralt og nært både hurtigbåt og busstilbud. 

Eit spennande utviklingsprosjekt som det nyleg vart arbeida med på torget og lekteren vil i lag med dette, småbåthavna, planene til Brunsvik, hotellene, bibliotek, vinmonopol, restaurantar/butikkar, bowling osv i tillegg fylle ut og skape eit langt meir heilhetlig og attraktvt sentrum med fleire gode tilbud.

Senterpartiet seier ofte at dette er ting som berre er «kjekt å ha» og altfor dyrt, men 3 hallar som gir eit enormt løft for idretten Vågsøy og Flora, for sentrumsutviklinga og aktiviteten i Måløy, som kan skape store positive effektar for samfunnet og attraktiviteten og er verdt å strekke seg langt for å klare. Då treng vi offensive politikarar med ambisjonar for å utvikle kystsamfunnet. Økonomien er trang, slik den er i våre nabokommuner, men dette er så positive tiltak at eg hadde virkelig håpa på at det skulle stå eit enstemmig Vågsøy kommunestyre bak det når det er so mange andre som bidrar med enorme summar inn i spleiselaget. Når prosjektene blir omtalt som altfor dyre, så blir det ofte sagt utan at det faktisk blir nevnt tall. Eg har derfor tatt meg bryet i å sette meg inn i finansieringstala og ønsker å vise det fram slik at folk ser kva den faktiske kostnaden er:


TurnhallSvømmeanleggFotballhall
Mva refusjon5,3 mill kr30 mill kr22,3 mill kr
Vågsøy kommune6,0 mill kr37 mill kr6,2 mill kr
Spelemidlar7,0 mill kr22,7 mill kr10 mill kr
SFJ fylkeskommune10 mill kr
Ekstra Interkommunale spelemidlar (vågsøy/florø)2,1 mill kr 6,8 mill kr3 mill kr
Flora kommune1 mill kr7,5 mill kr32,4 mill kr
Idrett/private/bedrift1 mill kr45 mill kr40 mill kr

Kinn-samarbeidet utløyser altså samla ca 12. mill kr i ekstra støtte fra tippemidlar og kommunane sine bidrag er utløysande for ytterlegare titalls statlege millionar av kroner i støtte til anleggene (monsrefusjon/spelemidler).

Ein god jobb og samarbeid mellom fylkespolitikarar fra Vågsøy og Florø sikra 10 mill fra fylket til fotballhallen pluss eit avgjerande fylkeskommunalt oppkjøp av idrettshallen som ga idretten i Florø ekstra midler på 52 mill kr som kunne brukast til å løfte store delar av idretten og til å støtte fotballhallen. Her har blant anna arbeiderpartiet vore viktige med ordfører i Vågsøy som nestleder i Sogn og Fjordane AP, ordfører i Florø, og representantar fra både Vågsøy og Flora på fylkestinget for å få dette til, i tillegg har Djuvik i FRP, Hollevik i Høgre, Venstre og fleire andre kystpolitikarar gjort ein solid jobb.
Desse 3 anlegga står i intensjonsavtalen til Kinn kommune og kan bli realisert på rekordtid. 

Så til spørsmålet mange lurer på- kor dyrt blir dette for Kinn kommune?
Totalprisen for desse 3 fantastiske anlegga er berekna til 295,3 mill kr. Prisen Kinn kommune må betale er 90,1 mill kr av dette pluss drift. Altså berre utrulege 3/10 av prisen det kostar å bygge det. Dette er uvanleg billig for ei kommune der ein får realisert so store, viktige og gode tilbud. Du skal leite veldig lenge for å finne noko liknande i norsk samanheng.  Samarbeidet mellom kommunane og med idrett, lag/organisasjonar, private og bedrifter er det som har gjort dette muleg, i tillegg til som nevnt det gode arbeidet på fylkestinget. Ein hadde nok ikkje fått dette til utan Kinn og eit slikt bredt og godt samarbeid på alle nivå, i alle fal ikkje so raskt.

Det vil vere ein pressa økonomi i Kinn, men vekst skaper inntekter, og om du slit med å forstå ordet kraftsenter så er vi, til tross for ein utfordrande økonomi, no i ferd med å bli ei kraftkommune med betydelege eigerandelar i Sogn og Fjordane Energi som vil gi inntekter til satsing framover. Dette og Havbruksfondet gjer at det det på eit godt år kan vere snakk om inntekter opp mot heile 70-80 mill kr for Kinn.

Senterpartiet seier nei til nytt svømmeanlegg i Måløy og ny fotballhall i Florø. Dei seier altså nei til 32,7 mill kr i spelemidlar fra staten, nei til 10 mill kr i støtte fra Sogn og Fjordane Fylkeskommune, nei til 9,8 mill kr ekstra spelemidlar på grunn av Kinn-samarbeid, nei til 52,3 mill kr i mva-refusjon og verst av alt: nei til 85 mill kr fra privatpersonar, bedrifter, lag/organisasjonar og utallige frivillige som har stått på i timesvis over heile Flora og Vågsøy for å samle inn midlar til å utvikle lokalsamfunnet. Senterpartiet seier altså nei til totalt 189,8 mill kr i støtte til kommune og innbyggarar for å utvikle bedre idrettstilbud, svømmetilbud, sentrumsutvikling og aktivitet vi aldri har hatt før. Dette syns eg folk skal merke seg. 

På fylkestinget stemde Venstre, FRP, Arbeiderpartiet og Høgre på finansiering av Kystvegen, Senterpartiet stemte som vanleg i mot.  Lokalt stemte Venstre, Høgre og Arbeiderpartiet for fullfinansiering av svømmebasseng, Senterpariet og Rødt stemte i mot. 
I dette valget er KRF, FRP, SV, AP, Venstre, Høgre, MDG og til og med PDK konstruktive og vil sjå framover. Senterpartiet og Rødt kjempar for nye år med omkampar og ei reversering som vil utsette 1600 tilsette for ei ny enorm omstilling og endå meir usikkerhet. 

Eit enormt engasjement fra mange titals bedrifter i næringslivet, hundrevis av private, fleire i idretten, godt politisk arbeid opp mot fylkeskommunen og eit enormt godt og utadvendt arbeid fra AP, Høgre og Venstre i Vågsøy og eit nesten samla kommunestyre i Flora, gir oss tilbud andre kan sjå langt etter. 

Ungdommen har ambisjonar. Partia med flest ungdomspolitikarar er Venstre og Høgre, mange i Vågsøy kjenner blant anna til Sebastian Kvalheim i Venstre gjennom sitt samfunnsengasjement i Måløy Lan og fylkesleder for Unge Høgre; Vebjørn Leite Olsen i Flora. Dei største partia på skulevalget på vidaregåande i Vågsøy og Flora er dei partia som har ambisjonar for kysten, dei som ønsker å skape noko. I Vågsøy var Venstre størst og i Flora var AP størst, Høgre låg samla sett som nr 2. Dette er tydelege signal frå dei unge. Ungdommen har lyst å svømme, ungdommen vil ha bedre idrettsfasilitetar og sentrumsutvikling, og i eit folkehelseperspektiv treng dei det faktisk meir enn nokon gong! Dei trur på parti og politikarar med ambisjonar for kysten, dei ser framover.

Kystungdommen treng pionérar som tør å satse, som skapar dei nye moderne arbeidsplassane,  dei treng forbilder som ser mulighetar, dei treng arbeidsplassar for begge kjønn og dei treng politikarar med ambisjonar for kysten! Dei treng ei kommune som ikkje berre jobbar med samfunnsdrift, men med aktiv samfunnsutvikling. 

Kystpensjonistane treng tilflytting og ei yngrebølge for å gi dei ein god og trygg alderdom der det bur nok unge til å jobbe i heimetjeneste, på sjukeheimar og institusjonar. Då treng vi satsing og tilflytting, 

Som eg har sagt før; eldrebølga må håndterast mens yngrebølga må skapast!  

Stem på yngrebølga, stem på kysten, stem på politikarar med ambisjonar og ver med å løfte fram nye unge kystpionérar i tida som kjem! Og når valget er over, stem sangpionéren Andrea Santiago til topps i Stjernekamp!

Godt Valg!