Debatt:

«Svar til Magne Elde og andre i vindturbinsaka på Bremangerlandet»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ivar Rune Varpe, grunneigar i Dalen og motstandar av vindturbiner. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ivar Rune Varpe, grunneigar i Dalen og motstandar av vindturbiner.

Svar til Magne Elde og andre i vindturbinsaka på Bremanger

Etter å ha lese innlegget til Magne Elde i Fjordenes Tidende, må eg som grunneigar i Dalen, skattebetalar til Bremanger kommune og som ein som jobbar aktivt for eit fellesskap med m.a. grendalag og jakt i bygda Dalen, få lov til å reagere på dine utspel.

Eg tykkjer det er heilt uhøyrt at ein som bur i Ålesund og sikkert skattar til Ålesund kommune, skal bestemme korleis eg skal ha det på mine «gamle dagar» her i Dalen.

Ved utbygging av turbiner vil du ta ifrå meg gleda med å bu i eit lite samfunn, der alle kjenner alle, gleda med å jobbe i eit fellesskap, gleda med å gå på fjellet og få naturopplevingar, gleda ved å vere på Varpestøylen og nyte utsikt, fred og ro. Her kjem nærmaste turbin 124 meter frå hyttedøra mi.

Og slik kan eg fortsette og nemne opp i det uendelege.

Alt dette kalles livskvalitet.

Og det sakner eg i denne debatten - livskvalitet - og kva som skjer med eit menneske som mister livskvaliteten sin ?

Du kan ta ein telefon til bebuarar i Berle og snakke med dei som no er blitt den skadelidande tredjepart med etterkvart ei panoramautsikt mot Hennøyfjellet/Dyrstad, der turbinar kjem opp som «troll av eske» Spør dei om deira livskvalitet no, og eg veit du vil få svar «så hatten passar» Dette gjeld også bebuarar i Kalvåg-området, der etterkvart som turbinane vises i synsranda, reagerer sterkare og sterkare på dette og stiller spørsmålet : Har vi fått nokon informasjon om dette, har det vore vist bilde av visualisering av dette?

Ingen har vel fått informasjon om nokon ting, visualisering, solblink, skyggekasting, for slike ting er utbyggar forsiktige med å framstille.

For det har med bebuarane sin livskvalitet å gjere, og det må for all del ikkje kome fram i lyset.

Magne Elde var med i Bremanger Ap og Bremanger kommunestyre i 2011, der det vart ja ved avstemning. Men du må ha fått med deg at Bremanger Ap har snudd totalt i denne saka og seier eit klart nei til utbygging på Bremangerlandet.

Du påstår, sitat: «med å påstå at det i dag er kome så mange nye endringar og moment at ein ikkje viste kva ein sa ja til i 2011, det er sjølvsagt direkte feil!» - sitat slutt.

Det er store endringar i denne saka, og det viser i klartekst at du ikkje har følgt med på kva som har skjedd i denne saka, eller du ikkje vil vite om dei negative sidene, men slik er det med dei fleste ja-tilhengarane.

Eg vil nevne den nye linja, 132 Kv, som går innover den uskuldige tredjepart, Dalsbotnen, vidare innover mot det som tidlegare vart nevnt som konfliktområdet Berle.

Eg kan nevne NINA-rapporten om fugletrekk, som slår fast at hovedtrekka på trekkfugl kjem inn nettopp over Bremangerlandet og millionar av fugl vil passere der turbinane vil komme.

Og slik kan eg ramse opp, men dette har kome fram uttrykkeleg om du hadde følgt med, både i presse og på sosiale medium.

Du gjer også stort nummer over tal som Bremanger kommune vil få, tall som du har kopiert frå Sp ved Magne Kjerpeseth. Dette er påstandar og kan ikkje dokumenterast, utan at de set med opplysninger frå konfidensielle forhandlinger. I avtalen mellom Bremanger kommune og Bremangerlandet Vindpark AS, der m.a. Magne Kjerpeseth sat i forhandlingsutvalget, står det i avtaleverket, sitat: «Punkt 4 Skatter og avgifter: Eigedomsskatten vert fastsett på basis av substansverdi etter gjeldande regelverk». Sitat slutt.

(Substansverdi = marknadsverdi ) På noverande tidspunkt er det ingen som veit marknadsverdi.

Der er også fleire detaljar i denne avtalen som kan velte alt som har med økonomi til Bremanger kommune å gjere, nemleg lovlegheita ved dei 32,5 mill. kroner, for den ytinga kan ved strid med lov, reduserast eller falle heilt bort.

Turisme er eit stort tema, men i Bremanger er det stor optimisme og når tala for sommarsesongen 2019 kjem på bordet, vil eg påstå at det må vere besøksrekord på alle dei kjende naturperlene som Hornelen og Vetvika og ikkje å gløyme Kalvåg. Grotlesanden er avhengig av sol, men turhytta på Veten er eit stort pluss i ytre Bremanger og gjer at det sikkert blir auke i BIL Fjelltrim.

Og med den fantastiske reklamen som desse plassane har fått + fokus på Bremanger i den debatten som har vore på sosiale medium og i avisene, gjer at dei som er involverte i turisme kan sjå lyst på 2020.

Eg vil også nemne dei unge som har gjort ein fantastisk innsats og engasjert seg i denne saka mot utbygging på Bremangerlandet. Der er også med unge som har etablert seg i Bremanger, mellom anna på grunn av trygge oppvekstkår, tilknytning og interesse for natur og friluftsliv. Dei har bygd hus eller overteke og bygd om gamle hus som dei har overteke i familien.

Ser ein på dei politiske listene no til valget, så er der ungdom som engasjerer seg i politikken, og ei av dei viktige sakene der, er naturleg vindkraftutbygging.

SV, Venstre, Høgre og Ap seier klart nei til meir utbygging i Bremanger kommune og eit klart nei til Bremangerlandet Vindpark AS. Med å få ungdom inn i politikken, er med og former politikken til Bremanger og gjer det meir attraktivt å få unge til å flytte til Bremanger kommune. Skal Bremanger vere attraktivt for framtida, så må vi for all del ikkje ha ein ødelagt natur å tilby dei.

Då NVE sa nei til konsesjonen i 2017, var det ikkje ein einaste grunneigar som anka på den avgjerda, heller ikkje Bremanger kommune. Alle pusta letta ut og alle håpte vi var ferdige med striden, og alle kunne sjå framover igjen.

Dessverre vart dette endra av ein olje- og industriminister frå Frp som heiter Terje Søviknes og som skapte ny splid i bygda.

Men som konklusjon i mitt innlegg vil eg seie og meine heilt klart:

Eit ja - vil aldri gje fred og ro i Bremanger, dette på grunn av alle som vil bli skadelidande.

Eit nei - vil gje fred og ro i Bremanger for alltid.

Tenk på ordet - livskvalitet!