Debatt

«Vindkraft – vår nye folkekamp»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hans Christian Hansen i Stad Landskap:

Vindkraft – vår nye folkekamp

«Im gonna make him an offer he can’t refuse» var Marlon Brandos udødelege replikk frå filmen The Godfather. Og nettopp det var kanskje tanken til kraftselskap og internasjonale investeringsselskap når dei sende sine menn for å gi norske statstenestemenn og kvinner tilbod dei ikkje kunne avslå. For deretter å gi norske folkevalde så mykje villeiande informasjon at desse til slutt miste oversikta på kva som var rett og gale. Og med på turane var konsulentselskap leigd inn av konsesjonssøkjar, BKK Raadgivning var eitt slikt som var tidleg inne i Okla-saka. Dei strategiske personell frå NVE og OED vart også tatt med på tur og vist fram slik at folket skulle sjå kor viktig dette var. Vi snakkar no 2004–2005.

Kvifor norske politikarar gjekk med på, og framleis går med tankar om å rasere det unike naturmangfaldet som Stadlandet har, basert på dårleg faglege og farga utgreiingar, ja det kan man spekulere på. Dei kallar det eit grønt skifte, rett nok eitt slikt skifte der nokre få menneske tener gode pengar, men slik er det no berre. Men, om det er slik at NVE og OED tvingar fram vindkraftsaker nær sagt uansett konsekvens, og det er i mange tilfelle slik det ser ut. Ja, så bør dette undersøkast nærare, og det bør komme fram kva som har vore sagt, vore lova, blir sagt og blir lova, og der ligg klare føringar til utbyggjar korleis dette skal skje. Føringar som vi er usikre på om vert tekne til etterretning i den grad lova tilseier. Bøter er eitt verkemiddel, men det har vist seg å vere eit dårleg verkemiddel for å få utbyggjar til å følge spelereglane, då dei gjerne ser på det som å betale for å sleppe å fylgje nettopp slike spelereglar.

Det burde vore mykje strengare regulert korleis dette skal skje. I tidlegare tider var utmark brukt til beiting, og det var strengt regulert kven som brukte områda. No når gardar vert lagt ned burde langt fleire få vere delaktige i prosessen som gjer natur og friluftsområde om til industriområde. Odelslover var til for å sikre gardsdrift, men når gardar ikkje vert brukt til slik forvaltning burde utmarksområde førast tilbake til ålmenta.

Staten har pøst ut subsidiar for dette grøne skiftet i eitt stadig aukande tempo, der summane vart stadig større. Og konsekvensen var at kraftselskap både lokalt og globalt såg sitt snitt til å mjølke staten for stadig meir pengar, og staten tykte tydelegvis at det var greitt. Og staten, ja den finansierte det med å innføre grøne sertifikat til fordel for blant anna vindkraft, kraftselskap heva seidelen i evig takksemd. Men no hastar det for kraftselskapa å få kopla seg inn på straumnettet med ny vindkraft, for etter 31.12.2021 vil slik ny kraft ikkje ha rett på å bruke elsertifikat for å få forbrukarane til å betale ekstra for å få «rein kraft»

Den store problemstillinga er at konsesjonar som vert gitt, ikkje tek omsyn til Noregs fauna og dyreliv slik dei burde. At dette skjer i eitt samfunn der vi i løpet av få sekund veit kva som skjer på den andre sida av jorda, men ikkje kva som skjer i eigen bakgard er i beste fall underleg.

Det er spesifisert i nasjonale vindkraftplanar at den negative konsekvensen for eitt slikt anlegg ikkje bør overstige lav til middels konfliktnivå. Men når konsesjonar som har store til veldige store negative konsekvensar vert delt ut i hopetal i småkommunar, er det grunn til å stille spørsmål om kven som tener på dette. Kva tenkjer politikarane våre om dette? Kva er grunnen til at våre folkevalde går inn for den største raseringa av norsk natur nokon gong? Det har ingen fortalt oss.

Sidan tidleg på 2000-talet har vindkraft og finansiering av denne næringa blitt skjult bak luftslott, veldig få kommunar eller grunneigarar, om nokon i det heile, har gjort seg rike på slik industri.

Det er på høg tid at dette tek ein slutt. Å dele ut norsk natur til norske kraftselskap som så sel vidare til utanlandske investeringsselskap, selskap som berre bryr seg opp eigen profitt. På den måten dette vert gjort er på det beste høgst kritikkverdig. Resultatet er at vi får rasert og øydelagd vår natur, og raudlista artar vert frå røva både leveområde og luftrom. Å skade fugle, dyre- og plantelivet på ein slik måte burde vore straffbart. Det er ikkje rare inngrepet i norsk natur vi som bur her kan gjere utan at det kan få særs store personlege konsekvensar. Slik har det vore lenge, men no verkar det som om NVE gir blanke, og vert utbygginga endra eller broten undervegs er ikkje straffa avskrekkande for utbyggjarar og konsesjonærar.

Det ville meir humant å skyte ned utryddingstruga ørnar framfor å la turbinblada ta dei, men om nokon gjer nett det, ja så kjem heile statsapparatet etter deg. Set du opp ein gardsfjøs til dyr og utstyr for å ta vare på det du eig, risikerer du bøter og fengselsstraff. Flyttar du ein steingard for å få meir dyrka jord kan du miste det du har jobba for. Men å setje opp drapsmaskiner for å utrydde norsk fugleliv, og rasere norsk natur ser vist ut til at kynismen i finans og politiske miljø ikkje tek omsyn til, ei heller det politiske miljø på nesten alle nivå. Vindindustrianlegget på Smøla har no teke livet av 100 havørn i tillegg til alle dei andre artane, på Okla vert det like eins. Vindkraft plassert midt i trekkruta til ei rekkje raudlista artar vil vere særs skadeleg for naturmangfaldet om det vert starta og reist.