«Vert det starten på noko stort?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Stein Robert Osdal.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Stein Robert Osdal, ordfører i Selje.

Det er med stor interesse eg las intervjuet med Sølve Oldeide i Nordfjord Hamn om cruisesatsinga i Måløy.

Intervjuet fører seg inn i ei lang rekke med intervjuar, kommentarar og utspel frå Måløy miljøet om cruisesatsinga i Måløy der utgangspunktet vert bare heilt feil.


– Kan bli starten på noe stort

– Med bakgrunn i den vellykkede cruisesatsingen vår i Olden og Loen får vi nå en unik mulighet til å sette Måløy på kartet for cruiserederiene, sier Sølve Oldeide i Nordfjord Havn.


Nordfjord Hamn ynskjer å satse på Måløy som ei cruisehamn i framtida. I 2020 kjem der tre båtar og i 2022 satsar ein på fleire anløp i Måløy. Denne satsinga er det mange, inkludert meg, som heier på og håper ein vil lukkast med. Med fokuset i dette intervjuet trur eg satsinga atter ein gong vil strande og verte mislukka. I intervjuet er fokuset bare Måløy, Måløy, Måløy. I ei bisetning kjem Nave hjortefarm.


Visit Nordfjord har i sin strategi klart å løfte Nordfjord som eit føretrekt reisemål. Gjennom «alt i ein fjord» og Nordfjord smak, saga og spor har ein klart å få fram det unike i Nordfjord. I Selje er vi på full fart til å verte ein nasjonal og internasjonal reiselivsdestinasjon med Stad hotell, Vestkapp, planar om nytt Selje hotell og Selja kloster som fyrtårn. Fleire satsingar er på trappene som vil forsterke Selje som eit unikt reisemål. I Bremanger har ein Kalvåg som eit fyrtårn saman med andre flotte reisemål. Innover Nordfjorden ligg reisemål på rekke og rad som er vel verdt eit besøk og held internasjonal standard.

Kvifor trekker ikkje Nordfjord Hamn fram alt dette i si marknadsføring av Måløy som cruisehamn. Intervjuet er blotta for regional tenking og det snevre fokuset har vi dessverre opplevd før og det er vel ei av dei største årsakene til at Måløy ikkje har fått utnytta sitt potensialet.

Stad kommune har utarbeidd ein reiselivsstrategi der regionen sine særtrekk og klare fordeler er det som ein ynskjer å satse på. Selje som eit internasjonalt reisemål kan bare lukkast viss ein løfter regionen sine kvalitetar. Gjennom dei siste fire åra har Nordfjordrådet med ordførarane i spissen klart å løfta regionssamarbeidet der ein har hatt fokus på dei ulike stadane sine kvalitetar. Nordfjordrådet er i gang med ei marknadsføringssatsing basert på Visit Nordfjord sin merkevare. Korleis kan vi gjere Nordfjord til ein foretrukken stad å bu, besøke og drive næring.

Måløy, kan verte ei god cruisehamn viss ein i større grad klarer å løfte heile regionen. Dette fokuset må Nordfjord Hamn KF i større grad vere ein talsperson på og ikkje landa i Måløyfella som ein ofte har falle i. Måløy i seg sjølv vil aldri verte ein destinasjon, men Måløy kan verte ein suksess viss ein løfter regionen som ein stad å besøke. Når naboen lukkast, lukkast eg.


Stein Robert Osdal

Ordførar i Selje