«Om høyringsuttaler, vindkraftmotstand og lokalpolitikarar»

Dette lesarinnlegget er skrive av Einar Svarstad, og er eit svar til Roy Ove Svarstad.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Einar Svarstad, og er eit svar til Roy Ove Svarstad:

Om høyringsuttaler, vindkraftmotstand og lokalpolitikarar

Vi ser i dagens lesarinnlegg at vindkraftmotstandarane meiner at dei har massiv støtte som følge av høyringsuttaler til MTA planen. Igjen så kjem dei med «fake news»

Av dei 130 høyringsinnspela det refererast til er det berre 13 innspel med lokal forankring, når sju av desse i tillegg er eigarar av hytter og fritidshus viser vel det at motstanden ikkje er så stor blant oss fastbuande i Bremanger.



At Gruppa mot SFE/BKK har sendt inn eigne innspel er ikkje overraskande, men av dei åtte personane som har sett namnet sitt på den finn vi igjen fire stk. som har sendt inn eigne fråsegn i tillegg. Då set vi igjen med 10 stk. fastbuande i Bremanger som har sendt høyringsinnspel.

Det er heller ikkje overraskande at miljøvern organisasjonar, turforeiningar ol. Sender inn utsegner, det blir gjort i alle slike saker. Mange av dei protesterer på det meste.

At det kjem inn over 100 høyringsuttaler frå personar landet rundt som aldri er eller har vore i Bremanger kan ikkje takast seriøst.

Dette seier vel alt om at motstanden lokalt er mindre enn hevda, det er difor synd at politikarane har malt seg inn i det hjørnet dei no sit i. Dei seier nei til utbygging, men ja til inntektene.

Vi som er for utbygging opplever tvert i mot at det er fleirtal i Bremangerbygda for utbygging, og vi har næringsdrivande i bygda som fryktar konsekvensar av at byggestarten blir utsett.

Det er synd at debatten er blitt av ein slik karakter at dei som er tilhengarar ikkje torer å stå fram.

Det er derimot positivt at ungdomspolitikarane og NHO kjem på bana og vil ha vindkraft, dette viser at vi har oppegåande samfunnstoppar og politikarar som ser at vi treng meir fornybar energi i framtida.